Hopp til hovudinnhald

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) endrar korleis innlogging med ID-porten vert delt mellom offentlege tenester. På sikt skal alle tenester som utgangspunkt ha si eiga innlogging. De som eig tenestene, må difor bestemme om tenesta dykkar framleis skal dele innlogging med andre tenester.

Laga: 26. november 2026

Tenestene skal ikkje lenger dele innlogging automatisk

Når ein innbyggar loggar inn med ID-porten, vert innlogginga i dag delt med dei fleste andre tenester som brukar ID-porten. Dette vert kalla felles innlogging eller «single sign-on».

No snur vi på dette. De som eig tenester, må sjølv velje om tenestene dykkar skal dele innlogging med andre.

Kvifor gjer vi dette?

Få innbyggarar veit at éi innlogging kan gi tilgang til tusenvis av offentlege tenester. Det kan vere ein sikkerheitsrisiko. Tenk deg ein innbyggar som gløymer å logge ut på ein felles PC, til dømes på biblioteket. Den som brukar PC-en etterpå, kan då få tilgang til «heile livet» til den som var innlogga. Svindlarar kan også utnytte felles innlogging.

Statistikken vår viser i tillegg at funksjonen vert lite brukt. Den er mest nyttig for tenester som heng tett saman. Vi meiner difor at det bør vere eit aktivt val å dele innlogging.

Kva betyr dette for tenesta dykkar?

Alle tenester skal få ei ny innstilling for felles innlogging. Det vert tre val:

  • Eiga innlogging: Brukarane må logge inn på nytt når dei går frå ei teneste til ei anna. Dette vert standard.
  • Felles innlogging: Tenesta deler innlogginga med andre tenester, slik det er i dag.
  • Avgrensa deling (forslag): Tenesta deler innlogginga berre med tenester de har valt ut, til dømes dei andre tenestene dykkar eller tenestene til ein samarbeidspartnar.

Gjer de ikkje noko, får tenesta eiga innlogging når endringa gjeld for tenesta dykkar. Det kan bety at brukarane dykkar må logge inn fleire gonger enn dei gjer i dag.

Dette bør de gjere no

Finn ut om brukarane dykkar ofte går mellom tenesta dykkar og andre tenester, og om dei då har nytte av å sleppe å logge inn på nytt. Ta gjerne ein prat med dei som har ansvar for det tekniske, eller med leverandøren dykkar.

Når skjer det?

Endringa kjem gradvis. Vi testar no løysinga saman med Skatteetaten. Deretter vert dei nye innstillingane tilgjengelege, og de som eig tenestene, skal etter kvart kunne velje innstilling sjølv. Vi seier frå i god tid før endringa gjeld for tenester som finst i dag.

Vi vil gjerne høyre frå dykk

Avgrensa deling er førebels berre eit forslag, og vi vil gjerne høyre kva de tenker. Frist for innspel er 31. januar 2027. Har de innspel eller spørsmål, kan de kontakte oss på servicedesk@digdir.no.