Hopp til hovudinnhald

I dag tidleg klokka 7.30 flytta Helsenorge all trafikk over på nye ID-porten, det gjekk strålande!

29. september 2023

Vellukka flytting

Vi har hatt trafikk på nye ID-porten i 6 månadar no. Mange verksemder har flytta tenestene sine, men dette var den første tenesta med verkeleg stor trafikk som migrerte. Helsenorge har omlag 20% av trafikken på ID-porten, og sjølv om vi var sikre på at det ikkje kom til å vere problem å flytte ei så stor teneste, så var det likevel flott å sjå at nye ID-porten takla dette heilt fint.

Trafikk på ID-porten før og etter flytting av Helsenorge
Trafikk på nye ID-porten før og etter flytting av Helsenorge

Det er ingen grunn til å vente

Det er framleis mange kundar som kunne flytta OIDC-tenestene sine som ikkje har gjort det. Vi anbefalar på det sterkaste at de startar no. Om de ikkje er avhengige av Single sign-on (SSO), så er det ingen grunn til å henge att på gammal løysing. Fristen for flytting er desember 2023, og vi forventar at alle OIDC-tenester er over på nye ID-porten ved nyttår.

Vi har gleda oss lenge til Helsenorge skulle migrere til nye ID-porten. Dette gjekk strålande, akkurat som forventa. Nye ID-porten har betre ytelse enn dagens ID-porten, så vi har mykje å gå på, og er klar til å ta i mot fleire tenester.

Planar for flytting

Vi veit at nokre av dykk har avhengigheit til andre tenester, og her er foreløpige datoar for flytting for somme store verksemder. Frå 21. november har vi SSO mellom OIDC-tenester på nye og gamle ID-porten, difor planlegg dei flytting akkurat då.

  • Skatteetaten - 21. november
  • NAV - rundt 21. november
  • Statens vegvesen - 21. november
  • Altinn - 23. november
  • KS - 23. november

Kontakt

Servicedesk