13. mars vert dei første skattemeldingane til personar sendt ut. Skattemeldingsperioden betyr auka trafikk i ID-porten og vi i Digdir er som vanleg opptatt av å sikre stabil drift.
Frå 13. mars til 4. april 2025 vert skattemeldinga gjort puljevis tilgjengeleg for skattepliktige. Når skattemeldinga vert gjort tilgjengeleg vert mottakar varsla fortløpande på e-post, eller SMS for dei som ikkje har registrert e-postadresse i Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR).
Allereie 19. mars vert dei første skatteoppgjera sendt ut til dei som har levert inn skattemeldinga, har skatt til gode og ikkje har falt ut på kontroll.
Skattemeldingsperioden betyr auka trafikk i ID-porten og vi i Digdir har ekstra fokus på stabile tenester. Vi har eit tett samarbeid med Skatteetaten rundt skattemeldinga og planlegginga av skattemeldingsperioden har pågått sidan hausten 2024.
