ID-porten 2025
Her finn du statistikk for ID-porten i 2025. Du kan sjå tal på innloggingar, aktive brukarar, oppetid, aldersfordeling og utvikling over tid.
Trafikk
ID-porten er ein av dei mest sentrale digitale fellesløysingane i Noreg. Tenesta er avgjerande for at både innbyggarar, verksemder og offentlege etatar skal kunne utføre trygge og effektive digitale tenester i kvardagen.
Grafen under viser kor mange innloggingar ID-porten har kvar månad. Stolpane viser innloggingane for det valde året, medan linja viser same periode året før.
Tips: Hald musepeikaren over grafen for meir detaljert informasjon om bruk og fordeling av eID.
Grafen viser tydlege og stabile mønster gjennom året. Når vi ser avvik frå desse mønstera, er det som regel ei konkret forklaring. Eit døme er 2021 då auka bruk av digitale tenester i samband med koronapandemien førte til auka bruk av ID-porten.
Oppetid
ID-porten er ei sentral teneste som må vere stabil og tilgjengeleg heile døgnet, heile året. Derfor har vi høge krav til oppetid. Dersom oppetida ein månad er lågare enn 99,90%, blir det rekna som brot på kravet om oppetid.
Planlagt vedlikehald eller uventa hendingar kan føre til nedetid. All informasjon om dette blir publisert på http://status.digdir.no/.
Kundar og tenestar
Under finn du ei oversikt over kor mange kundar (verksemder) som nytta ID-porten, samt kor mange tenester som har var i aktiv bruk i 2025.
Kundar
Denne grafen viser kor mange verksemder som har tatt i bruk ID-porten. Det er i all hovudsak offentlege verksemder, med unntak av nokon private verksemder som utfører oppdrag på vegner av det offentlege.
Tenester
Grafen viser kor mange ID-porten-tenester som har vore i bruk kvart år. Talet aukar fram til 2023, men går ned i 2024 og 2025.
I 2024 vart ID-porten flytta til ny driftsplattform, og i samband med det vart inaktive tenester fjerna.
Historikk
Her ser du korleis innloggingane på ID-porten har utvikla seg sidan starten. Oversikta gir nyttig innsikt for vidare planlegging, prioriteringar og arbeid med kapasitet.
Grafen viser tydlege og stabile mønster gjennom året. Når vi ser avvik frå desse mønstera, er det som regel ei konkret forklaring. Eit døme er 2021 då auka bruk av digitale tenester i samband med koronapandemien førte til auka bruk av ID-porten.