Hopp til hovudinnhald

Statistikk for ID-porten

Her finn du oppdatert statistikk for ID-porten. Du kan sjå tal på innloggingar, aktive brukarar, oppetid, aldersfordeling og utvikling over tid.

Trafikk

ID-porten er ein av dei mest sentrale digitale fellesløysingane i Noreg. Tenesta er avgjerande for at både innbyggarar, verksemder og offentlege etatar skal kunne utføre trygge og effektive digitale tenester i kvardagen.

Grafen under viser kor mange innloggingar ID-porten har kvar månad. Stolpane viser innloggingane for det valde året, medan linja viser same periode året før.

Tips: Hald musepeikaren over grafen for meir detaljert informasjon om bruk og fordeling av eID.

Grafen viser tydlege og stabile mønster gjennom året. Når vi ser avvik frå desse mønstera, er det som regel ei konkret forklaring. Eit døme er 2021 då auka bruk av digitale tenester i samband med koronapandemien førte til auka bruk av ID-porten.

Oppetid

ID-porten er ei sentral teneste som må vere stabil og tilgjengeleg heile døgnet, heile året. Derfor har vi høge krav til oppetid. Dersom oppetida ein månad er lågare enn 99,90%, blir det rekna som brot på kravet om oppetid.

Planlagt vedlikehald eller uventa hendingar kan føre til nedetid. All informasjon om dette blir publisert på http://status.digdir.no/.

Aldersstatistikk

Her viser vi korleis bruken av ulike eID-løysingar varierer mellom aldersgrupper. Grafen viser kor mange unike brukarar som loggar inn med ID-porten i ulike aldersgrupper, samanlikna med talet på innbyggarar i kvar gruppe. I dei fleste aldersgruppene er bruken svært høg og ligg nær innbyggartalet.

Bruken aukar frå ungdomsåra og er høgast i alderen frå rundt 30 til 60 år. For dei yngste brukarane skjer det første møtet med eID ofte når dei skal søkje om skattekort til si første sommarjobb, eller når dei skal søke vidaregåande opplæring. Bruken startar derfor lågt i alderen 12–15 år, men aukar raskt frå midten av tenåra.

I enkelte aldersgrupper er talet på unike brukarar høgare enn innbyggartalet. Det kjem av at personar som bur i utlandet og personar med D-nummer også brukar ID-porten.

Kundar og tenester

Under finn du ei oversikt over kor mange kundar (verksemder) som nyttar ID-porten, samt kor mange tenester som har vore i aktiv bruk dei siste 12 månadane.

Kundar

Denne grafen viser kor mange verksemder som har tatt i bruk ID-porten. Det er i all hovudsak offentlege verksemder, med unntak av nokon private verksemder som utfører oppdrag på vegner av det offentlege.

Tenester

Grafen viser kor mange ID-porten-tenester som har vore i bruk kvart år. Talet aukar fram til 2023, men går ned i 2024 og 2025.
I 2024 vart ID-porten flytta til ny driftsplattform, og i samband med det vart inaktive tenester fjerna.

Topp 10 - kunde og teneste

Her får du ei oversikt over dei ti kundane (verksemdene) og tenestane som hadde størst tal på innloggingar inneværande år, og som dermed står for ein vesentleg del av den totale bruken i perioden.

Kundar

Tenester

Dette seier produkteigar Jørgen Binningsbø om ID-porten

«ID-porten er Noreg sin digitale grunnmur - den berre er der og virkar, alltid. Den får kontinuerleg kjærleik frå heile Digdir for å halde den sikker og robust, men også at den vert vidareutvikla så den passar for moderne tenesteproduksjon ute hos verksemdene. I dei næraste åra er det særleg funksjonalitet knytt til representasjon og fullmakter, samt utanlandske brukarar som vil vere i fokus.»

Historikk

Her ser du korleis innloggingane på ID-porten har utvikla seg sidan starten. Oversikta gir nyttig innsikt for vidare planlegging, prioriteringar og arbeid med kapasitet.

Hald musepeikaren over stolpane for meir detaljert informasjon.

Datagrunnlag

Om du ønsker meir detaljert informasjon om grunnlaget for grafane, kan du sende ein e-post til servicedesk@digdir.no. Vi sender deg gjerne datagrunnlaget.

Meir statistikk?

Er det noko du saknar? Vi set pris på tilbakemeldingar og tek gjerne imot innspel til kva vi bør vise. Send oss ein e-post med ønska dine.