Hopp til hovudinnhald

Mars var ein travel månad for ID-porten, med over 39 millionar innloggingar totalt. Auken heng saman med at skattemeldinga vart gjort tilgjengeleg for innbyggjarane.

Laga: 17. april 2026

Meir enn 39 millionar innloggingar i mars

Den årlege utsendinga av skattemeldinga fører til ein kraftig auke i bruken av digitale offentlege tenester. I periodar med høgast trafikk var det fleire millionar innloggingar dagleg. Totalen enda på 39.537.104 innloggingar.

Trass i den høge belastninga leverte ID-porten stabilt gjennom heile perioden.

ID-porten er ein sentral felleskomponent som sørgjer for trygg innlogging til offentlege digitale tenester. Erfaringane frå mars viser at løysinga har både kapasitet og robustheit til å handtere store, samtidige brukarmengder.

Hald musepeikaren over grafane for meir detaljert informasjon.

For Digdir er det eit kontinuerleg arbeid å vidareutvikle og forbetre fellesløysingane, slik at dei møter behova til både innbyggjarar og verksemder, også når trafikken er på sitt høgaste.

Statistikk for alle våre løysingar

På statistikksidene finn du oppdatert statistikk for alle våre fellesløysingar.