Skatteetaten vart vinnar av Digitaliseringsprisen 2024 for sin innsats for å forenkle skattemeldinga for verksemder. Prosjektet kan spare samfunnet for inntil 800 millionar kvart år.
Juryleiar Olav Skarsbø kallar skattemeldinga digitalisering i toppklasse og ein verdig vinnar av Digitaliseringsprisen.
Løysinga, som er utvikla gjennom samarbeid med systemleverandørar og bransjeorganisasjonar, gir rettare utregna skatt, likare konkurransevilkår og betydelege gevinstar for brukarar og samfunnet. Dette er eit godt døme på nyskaping og berekraft i offentleg sektor.
Det å motta prisen følast som ein sterk anerkjenning av jobben vi gjer når det kjem til digitalisering, jublar Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten.
Store gevinstar kvart år
Skatteetaten beregnar at den nye skattemeldinga vil gi årlege besparingar på meir enn 300 millionar for næringslivet, nesten 100 millionar i intern effektivisering og i tillegg kjem over 400 millionar for lønnstakarar og pensjonistar.
Dei to andre finalistane var Brønnøysundregistrene og Husbanken.