Hopp til hovudinnhald

Overgangen frå BankID på mobil til BankID på app har pågått over tid, og 1. september er det slutt for BankID på mobil for alle, då er det BankID på app som gjeld.

05. juni 2024

Ein god arvtakar

Den SIM-kort-baserte løysinga BankID på mobil har eksistert i 15 år og har vore ein favoritt blant mange nordmenn.

Den nye BankID på app løysinga har allereie 3,3 millionar brukarar og har fått gode tilbakemeldingar.

Det er lurt å komme i gang med appen før du mister BankID på mobil, slik at du kan aktivere appen med den gamle løsningen.

Det er hjelp å få

For nokre kan overgangen til BankID på app vere utfordrande og BankID BankAxept har difor laga digitalt opplæringsmateriale. Der finn du informasjon om korleis du kjem i gang med BankID på app og svar på ofte stilte spørsmål.