Hopp til hovudinnhald

Mandag 9. mars vert dei første skattemeldingane gjort tilgjengelege. Det betyr auka trafikk i fleire av Digdir sine fellesløysingar og ekstra fokus på stabil drift.

Laga: 26. februar 2026 Sist endra: 09. februar 2026
Dame med pc
Pexels.com

Høg trafikk på fellesløysingane

Frå 9. til 26. mars vert skattemeldinga gjort puljevis tilgjengeleg for skattepliktige.Når skattemeldinga vert gjort tilgjengeleg vert mottakar varsla fortløpande på e-post, eller SMS for dei som ikkje har registrert e-postadresse i Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR). 18. mars startar og utsending av dei første skatteoppgjera.

I 2025 hadde vi over 15 millionar innloggingar på ID-porten i Skattemeldingsperioden. Vi forventar minst like høg trafikk i år og har ekstra fokus på at ID-porten skal vere stabil og tilgjengeleg heile døgnet.

Store endringar i Altinn

Det er gjort store tekniske endringar i Altinn sidan i fjor og Skatteetaten nyttar stort sett Altinn 2-plattforma. Nytt av året er at Skatteetaten opprettar dialogar i Dialogporten og brukar ny infrastruktur i Altinn 3 for utsending av e-post og sms. Det betyr at sluttbrukar ikkje lengre vil finne melding om skatteoppgjer i den gamle Altinn 2 innboksen, den vil kun vere tilgjengeles i arbeidsflata i Altinn 3 i tillegg til på Skatteetaten sine sider.

Sluttbrukarsystem må no hente informasjon frå Altinn 3 då det ikkje ligg nokon informasjon om foreløpig skatteoppgjer i Altinn 2.

Status for utsending på Samarbeidsportalen

I skattemldingsperioden kan du sjå statistikk og lese dagleg status for utsending her på Samarbeidsportalen.