Hopp til hovudinnhald

Onsdag 30. oktober gjennomførte Ellingsrud skule ein vellukka pilot for lokal tildeling av MinID til elevar på 10. trinn. Med digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung til stades, fekk klasse 10 C tildelt MinID på ein heilt ny måte som nokre av dei første i Noreg.

06. november 2024

Å sørge for at vi får alle saman med i det digitale samfunnet er ei av dei viktigaste oppgåvene vi har. Digitalisering skal vere eit verktøy for inkludering og ikkje ekskludering. Derfor er det viktig at skulen bidreg til å bygge kompetanse om trygg bruk av eID og digitale tenester.

Statsråden på skulebesøk
F.v: Stig Slaatto-Hornnes, Nina Olsen Munthe, Ingjerd Tesaker, Karianne Tung, Sindre Ramung, Nour-Eddine Elkadi

Alle ungdommar som skal søke inntak til vidaregåande skule er avhengig av å ha ein elektronisk identitet, som t.d. BankID eller MinID. Fordi BankID er lite tilgjengeleg for unge, er dei avhengige av MinID for dette. Men også MinID kan opplevast vanskeleg, særleg for dei sårbare ungdommane med lite foreldrestøtte heime. Saman med helsesektoren, utdanningssektoren og KS har no Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) testa utferding av MinID på skulen. Formålet med piloten er å undersøke om utferding i skulen vil gi tidsinnsparingar for både ungdom og lærarar som i dag bruker tid på hjelpe unge med å skaffe seg MinID.

Digdir var også til stades for å observere korleis lærarar og rådgivarar ved Ellingsrud skule nytta ei ny webløysing som snakkar med eksisterande skulesystem for å tildele MinID lokalt på skulen. På førehand hadde dei fått opplæring i korleis tildelinga skulle gjennomførast. Dagen før gjennomførte Apalløkka skule ein tilsvarande test, og 6. november er det Engebråten skule sin tur.

Fleire skular kan få tilgang til løysinga i 2025

Som del av samarbeidsprosjektet «MinID for ungdom» jobbar Digdir tett med utdanningssektoren, helsesektoren og KS for at fleire kommunar skal få tilgang til løysinga i løpet av 2025. Meir arbeid står likevel att før dette kan rullast ut i stor skala.

MinID i skulen med statsråden på besøk

Systemet vi har utvikla for tildeling av MinID i skulen, forenklar dagens prosess for både elevar og lærarar. Neste steg blir å gjennomføre eit regelverksarbeid før vi kan rulle dette ut i stor skala

Prosjektet er ein del av DigiUng-samarbeidet som er leda av Barne- ungdoms- og familiedirektoratet og Helsedirektoratet, og har fått 6 millionar i støtte i 2024.