Hopp til hovudinnhald

Status for skattemeldingsperioden

I perioden frå 16. mars til 4. april vart skattemeldinga puljevis gjort tilgjengeleg for skattepliktige. Publiseringa er ferdig, og her finn du statistikk over innloggingar i ID-porten og til skattemeldinga i tidsrommet.

Oppdatert status

Daglig oppdatering

Fin trafikkflyt i ID-porten også i dag. Vi hadde 1 189 493 innloggingar til ID-porten, 358 455 av desse var til skattemeldinga.

Det vart ikkje publisert skattemeldingar i dag, men pulje nummer to med skatteoppgjer vart sendt ut.

Vi hadde 1 298 902 innloggingar i ID-porten der 488 530 av desse var til skattemeldinga. ID-porten leverte stabilt heile dagen.

ID-porten hadde stabil høg trafikk gjennom dagen. Det vart gjort 1 719 401 innloggingar, 866 417 av desse var til skattemeldinga.

Enkelte kundar kan ha opplevd problem med innlogging då BankID hadde nedetid frå klokka 21.00 - 21.19.

Det var fin trafikkflyt i løysinga. 1 681 976 innloggingar i ID-porten, 740 899 av desse logga inn til skattemeldinga.

Fin flyt i ID-porten på fredag. 1 177 791 innloggingar i ID-porten der 460 095 av desse var til skattemeldinga.

ID-porten leverte stabilt også den 24. mars. Totalt 1 599 968 innloggingar der 786 125 var til skattemeldinga.

ID-porten hadde stabil trafikk gjennom dagen. Vi hadde 1 596 729 innloggingar i ID-porten, 736 389 av desse logga inn til skattemeldinga.

God kontroll på trafikkmønsteret i ID-porten. Løysinga leverte stabilt og godt heile dagen. Det vart gjennomført totalt 1 750 601 innloggingar i ID-porten den 22. mars, og det vart logga inn til skattemeldinga 799 761 gonger.

Det var fin trafikkflyt i ID-porten også denne dagen. Det vart gjort totalt 1 623 217 innloggingar i ID-porten der 656 255 av desse logga inn til skattemeldinga.

ID-porten og eID-leverandørane fungerte stabilt og godt heile dagen. Totalt vart det gjort 1 635 815 innloggingar i ID-porten i dag, 728 002 av desse logga inn til skattemeldinga.

Skatteetaten starta utsending av skattemeldinga kl. 09.00. Vi starta forsiktig frå morgonen av og auka utsendinga utover ettermiddagen. 530.000 skattemeldigar vart publisert.

ID-porten leverte stabilt gjennom heile dagen og vi hadde 632.902 innloggingar til skattemeldinga.

Kontakt

Servicedesk