Hopp til hovudinnhald

Status for utsending av skattemeldingar i 2025

I perioden 13. mars - 4. april vert skattemeldinga for 2024 gjort puljevis tilgjengeleg for alle som mottek løn, pensjon eller uføretrygd. Her kan du sjå statistikk og lese status på utsendinga.

Status skattemeldinga 2025

Status frå dagar med utsending av skattemelding

Første pulja med skattemeldingar er publisert

I dag vart det publisert 400.594 skattemeldingar. Vi hadde 2,28 millionar innloggingar på ID-porten og omlag 963.000 av desse logga inn på skattemeldinga.

Pulje 2 med skattemeldingar er no ute. I dag vart det publisert 375.097 skattemeldingar. Vi hadde nesten 2,4 millionar innloggingar på ID-porten og 780.000 av innloggingane var på skattemeldinga.

I dag vart det publisert heile 1.150.260 skattemeldingar.

Vi hadde over 2, 8 millionar innloggingar på ID-porten og nesten 1,4 av desse logga inn hos Skatteetaten.

Sjølv med så høg trafikk leverte ID-porten og alle andre involverte løysingar stabilt gjennom dagen.

Siste pulje denne veka er no ute. I dag vart det publisert 603.408 skattemeldingar. Vi hadde i underkant av 2,4 millionar innloggingar på ID-porten og omlag 1,1 million av desse logga inn på skattemeldinga.

I dag fekk 699.201 skatteytarar skattemeldinga si. Vi hadde i underkant av 2,7 millionar innloggingar på ID-porten og meir enn 1,1 million av desse var til skattemeldinga.

Publisering av pulje 6 er no ferdig og det vart i dag publisert i underkant av 500.000 skattemeldingar. I tillegg vart over 300.000 skatteytarar revarsla i dag. Varselet gjekk ut til dei som mottok skattemeldinga si dei tre første utsendingsdagane, men som ikkje har åpna den.

ID-porten hadde over 2,6 millionar innloggingar i dag og nesten 1,2 av desse var til skattemeldinga.

Då er siste pulje denne veka publisert og den vart på 635.336 skattemeldingar. Det er framelis eindel som ikkje har motteke skattemeldinga og publiseringa fortset på måndag.

Vi hadde meir enn 2,3 millionar innloggingar på ID-porten og over 1 million av desse var til skattemeldinga.

Kontakt

Servicedesk