Hopp til hovudinnhald

Den 21. november klokka 06.30 rutar vi om OIDC-trafikken frå gamal plattform til nye ID-porten, og frå dette tidspunktet køyrer all OIDC-trafikk på nye ID-porten.

16. november 2023

Nedetid på ny og gamal plattform

Dette arbeidet medfører at vi mellom 06:30 og 07.00 vil ha ein perioden med nedetid på både ny og gamal plattform.

Har de ikkje flytta må de gjere det no

Kundar og leverandørar som allereie har flytta tenestene sine til nye ID-porten treng ikkje gjere noko.

Kundar og leverandørar som har OIDC-tenester som ikkje er flytta til nye ID-porten, må gjere det no. Sjølv om vi rutar om trafikken må tenestene likevel flyttast.

Frist for migrering er 31.12.23.

Kontakt

Servicedesk