Medan mange framleis sov, så ruta vi om all OIDC-trafikk til nye ID-porten. Det gjekk strålande!
Ein milepæl er nådd
Klokka 06.30 i dag ruta vi om all OIDC-trafikk til nye ID-porten. Dette er ein milepæl som vi har jobba mot i fleire år, og det var fantastisk å sjå at alt fungerte som planlagt. Det betyr at all OIDC-trafikk no køyrer på nye ID-porten og har Single sign-on (SSO).
Trafikkbilete i dag klokka 10.00
90% av trafikken går no mot ny plattform og nye ID-porten, kun SAML-tenestene er att på den gamle. Av trafikken som går mot nye ID-porten går omlag 60% via OIDC-provider og 40% er direkte integrert.
Alle som går via OIDC-provider må no integrere direkte så raskt som mulig. Fristen for flytting er 31.12.23 og OIDC-provider vert avvikla ut på nyåret.
Vellukka flytting
I går kveld kl. 23.00 flytta Skatteetaten og Statens vegvesen sine tenester over på nye ID-porten. Gaml SAML-tenester var omskrivne til OIDC og dei hadde gjort ein god jobb med førebuing og testing. I løpet av 15 minutt var tenestene flytta og dei hadde utført ei vellukka migrering av fleire store tenester.