Hopp til hovudinnhald

Mot slutten av 2024 innfører vi "virksomhetsstyrt delegering i Altinn", dette vil påverke offentlege verksemder som let andre gjere oppslag mot Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR) på sine vegne.

24. september 2024

Offentlege verksemder må gjere endringar

Denne endringa medfører at leverandørar, eller andre som brukar oppslagstenesten i KRR på vegne av offentlege verksemder, må få tildelt rettigheiter i Altinn for å gjere dette.

Bakgrunnen for denne endringa er at rettigheitsdelegering skal handterast av verksemdene sjølve, og ikkje av sentralforvaltninga, leverandørar eller andre som opptrer på vegne av verksemda. Kvar enkelt verksemd er ansvarleg for å bestemme kven som opptrer på vegne av verksemda, og skal kunne gi og trekke tilbake rettigheiter.

Delegering i Altinn kan gjerast av den eller dei i verksemda som har delegeringsmyndigheit i Altinn. Normalt er dette den som har rolla som dagleg leiar i verksemda, eller andre som har blitt tildelt ei slik mynigheit av daglegleiar.

Delegering i Altinn kan gjerast allereie no, men vi vil kome tilbake med frist for endring når vi har det på plass.

Det er viktig at alle verksemder som blir påverka av dette utfører delegering innan fristen. Etter at endringa er innført vil oppslag mot KRR feile for leverandørar eller andre som ikkje har blitt delegert rettigheiter.

Alle verksemder som blir råka av dette vil bli kontakta av Digdir i god tid før fristen for endring.

Slik delegerer du i Altinn

Det er enkelt og raskt å delegere i Altinn. Her følger ei stegvis oppskrift for korleis ein delegerer KRR-rettigheiter til eksempelvis ein leverandør:

  1. Logg inn i Altinn https://www.altinn.no/ som dagleg leiar (eller annan som har blitt tildelt delegeringsmyndigheit i Altinn av daglig leiar)
  2. Velg verksemda du skal representere
  3. Klikk på "Profil" i toppmeny
  4. Klikk på "Tilgang til programmeringsgrensesnitt - API"
  5. Velg «Gi og fjerne API-tilganger»
  6. Klikk på «Deleger nytt API»
  7. Søk etter «KRR» i søkefeltet
  8. Klikk på plusstegnet til høgre for boksen med teksten; "KRR - Delegere på-vegne-av-rettighet»
  9. Klikk på «Neste»-knappen
  10. I søkefeltet under «Søk på organisasjonsnummer» skriv du inn organisasjonsnummeret til verksemda som skal delegerast rettigheit
  11. Kontroller at forventa verksemd dukkar opp, og klikk på plusstegnet til høgre for namnet på verksemda
  12. Klikk på "Neste"-knappen
  13. Kontroller opplysningane og klikk på «Bekreft» dersom det er korrekt
  14. Du får sjå ei kvitteringsside for delegeringa som er gitt, og kan gå tilbake til oversikta eller logge ut av Altinn.

Du har no delegert rettigheit til den eksterne verksemda som skal ha API-tilgang til å kunne gjere oppslag mot KRR på vegne av verksemda du representerer.

Instruksjonsvideo - Korleis delegere i Altinn

Kontakt

Servicedesk