Stadig fleire nordmenn tek steget inn i den digitale kvardagen. Ei ny oversikt viser at talet på personar som har reservert seg mot digital kommunikasjon med det offentlege, held fram med å minke.
Fleire vel digital kommunikasjon
Det offentlege Noreg blir stadig meir digitalt – og innbyggjarane følgjer etter. Fleire og fleire vel å oppheve reservasjonen sin i Kontakt- og reservasjonsregisteret, som tidlegare har skjerma dei frå å motta digital post frå det offentlege.
Trenden viser at digitale tenester blir stadig meir akseptert og brukt, både blant unge og eldre.
Digital kommunikasjon gjev raskare svar, betre oversikt og mindre papirbruk.
Når innbyggjarar opphevar reservasjonen, får dei mellom anna viktige brev frå kommunen, helsevesenet og staten rett i sin digitale postkasse.
Sjølv om det framleis finst grupper som ønskjer å halde seg til papirbasert kommunikasjon, viser utviklinga at dei digitale løysingane no når stadig breiare ut. Det er eit viktig steg mot eit meir effektivt og brukarvennleg offentleg Noreg.
Vi gler oss over utviklinga og håpar at trenden held fram!
Statistikken for mai er no publisert for Kontakt- og reservasjonsregisteret og resten av fellesløysingane.
Statistikk for alle våre løysingar
På statistikksidene finn du oppdatert statistikk for alle våre fellesløysingar.