Hopp til hovudinnhald

Dette har vore etterspurt funksjonalitet, og vi håpar de finn det nyttig å kunne hente ut tilpassa KRR-testbrukarar rett i frå Tenor testdatasøk.

06. august 2024

Integrasjon mot Tenor

For å kunne køyre gode og relevante testar i testmiljøet så treng ein relevante testbrukarar med ulike tilstandar som kan spegle brukarar i produksjon. Det er laga ein integrasjon mot Tenor testdatasøk som gjer at ein kan søke fram testbrukarar i Tenor som og finnes i Kontakt- og reservasjonsregisteret.

Tenor testdatasøk
Her finn du KRR i Tenor testdatasøk

I Tenor vil de finne Kontakt- og reservasjonsregisteret i venstremenyen når de er innlogga. Når de utvidar denne vil de kunne bruke radioknappane for å hente ut testbrukarar med eigenskapar eller tilstandar i KRR. Ein kan då hente KRR-brukarar med ulik varslingsstatus, ulik reservasjonsstatus og målformer med meir.

Tenor søkebilde
I Tenor kan ein hente KRR-brukarar med ulike eigenskapar og tilstandar

Endring av informasjon på testbrukarar

Av og til kan det vere behov for å endre testdata, for eksempel kontaktinformasjon, på testbrukarane. Det vil difor bli køyrt ein jobb ein gang i døgnet som tilbakestiller testdata for tenor-testbrukarar med ulike tilstandar i KRR. Sjølv om vi ikkje kan garantere at testdata vil ha same tilstand i Tenor og KRR til ein kvar tid, så vil det vere nokså sannsynleg at det er samstemt.

Kontakt

Servicedesk