Hopp til hovudinnhald

Kontakt- og reservasjonsregisteret 2025

På denne sida finn du statistikk frå 2025 som viser bruken av kontakt- og reservasjonsregisteret. Du kan sjå tal på registrerte innbyggarar, kontaktopplysningar, reservasjonar mot digital kommunikasjon og utviklinga over tid.

Trafikk

Kontakt- og reservasjonsregisteret gir tilgang til innbyggarane sin digitale kontaktinformasjon, og gjer det enklare for det offentlege å kommunisere digitalt med og varsle innbyggarane. Her får du ei oversikt over kor mange oppslag som blir gjort i registeret, og korleis bruken har utvikla seg over tid.

Grafen under viser kor mange oppslag som blir gjort kvar månad. Stolpane viser talet på oppslag for det valde året, medan linja viser same periode året før.


Tips: Hald musepeikaren over grafen for meir detaljert informasjon.

Grafen viser tydelege og stabile årlege mønster. Når trenden blir broten, har det som regel ei konkret forklaring. I 2021 auka bruken av digitale tenester under koronapandemien, noko som førte til fleire oppslag.

Oppetid

Kontakt- og reservasjonsregisteret må vere stabilt og tilgjengeleg heile døgnet, heile året. Kravet til oppetid er 99,90% per månad. Dersom oppetida er lågare enn dette, blir det rekna som brot på kravet.

Planlagt vedlikehald eller uventa hendingar kan føre til nedetid. All informasjon om dette blir publisert på http://status.digdir.no/.

Registrerte og reserverte brukarar

Kontakt- og reservasjonsregisteret er oppslagsverket som offentlege verksemder bruker for å nå innbyggarar digitalt.

Registrerte brukarar

Grafen viser kor mange innbyggarar som er registrerte i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Registrerte kontaktopplysningar, som mobilnummer og e-postadresse, gjer det enklare for det offentlege å kommunisere effektivt med innbyggar.

Dei fleste innbyggarar i Noreg er digitale brukarar. Innbyggarar som ikkje ønsker digital kommunikasjon frå det offentlege, må aktivt reservere seg.

Reserverte brukarar

Innbyggarar som reserverer seg mot digital kommunikasjon frå det offentlege, får i hovudsak informasjon på papir.

Unntak gjeld for viktige servicemeldingar, som til dømes kokepåbod for drikkevatn. Slike meldingar kan innbyggar ikkje reservere deg mot.

Grafen under viser at delen reserverte innbyggarar har gått ned dei siste åra.

Kundar og tenester

Her finn du oversikt over kor mange verksemder som bruker Kontakt- og reservasjonsregisteret,og kor mange tenester som har vore i aktiv bruk i løpet av 12 månadar i 2025.

Kundar

Grafen viser kor mange verksemder som har tatt i bruk Kontakt- og reservasjonsregisteret. Dei fleste er offentlege verksemder, men nokre private verksemder bruker registeret når dei utfører oppdrag på vegner av det offentlege.

Tenester

Grafen viser talet på tenester i Kontakt- og reservasjonsregisteret som har vore i bruk kvart år. Tala omfattar både leverandørar og kundar. Dersom ein leverandør gjer oppslag på vegner av ein kunde, blir dette likevel rekna som éi teneste.

Både talet på kundar og talet på tenester auka kraftig frå 2018 til 2019. Det var året då fleire store leverandører tok registeret i bruk og begynte å gjere oppslag på vegner av kundane sine.