Hopp til hovudinnhald

Det er nyleg innført tiltak for å ytterlegare betre kvaliteten på registrert kontaktinformasjon i Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR). Samstundes oppmodast ikkje-reserverte brukarar utan digital postkasse om å gjere eit val.

Laga: 21. januar 2025

Verifikasjon av kontaktinformasjon

Det er no mogleg for brukarar å verifisere mobilnummer og e-postadresse som er registrert i KRR. Brukarar vert minna om og oppmoda om å verifisere. Dette skjer anten når ein registrerer kontaktinformasjon, eller når ein må stadfeste kontaktinformasjonen sin, slik alle som bruker ID-porten må gjere kvar 90.dag.

Verifikasjon av kontaktopplysningar i KRR
Brukarar som vel å verifisere kontaktinformasjonen sin får tilsendt ein kode til sitt mobilnummer og/eller e-postadresse. Koden legger brukar inn i grensesnittet som er nytta for å registrere eller stadfeste kontaktinformasjon.

Det er førebels frivillig for brukarar å verifisere kontaktinformasjon, men uverifisert kontaktinformasjon vil vere tydeleg merka i brukargrensesnitta til KRR. Etter innføring av tiltaket ser vi ein tydeleg effekt, og at brukarar i stor grad vel å verifisere.

Verifisert kontaktinformasjon vert flagga for verksemder som gjer oppslag mot KRR. Verifisert kontaktinformasjon er flagga som «epostadresse_sist_validert»[dato] og «mobiltelefonnummer_sist_validert»[dato]. Det er opp til kvar enkelt verksemd å vurdere om dei vil godta og nytte kontaktinformasjon som ikkje er «validert». Sjølv om brukarar ikkje har validert kontaktinformasjon vil den mest truleg vere korrekt og gyldig likevel. Tiltaket er meint for å i større grad enn i dag sikre seg at kontaktinformasjon som vert registrert og stadfesta er korrekt og gyldig. Tiltaket vil truleg og føre til at eksisterande kontaktinformasjon som er feilstava eller tasta inn feil vert avdekka av brukar sjølv, og dermed vert retta og verifisert.

Varsel om duplikat

Det er også innført varsel om duplikat/duplisert kontaktinformasjon. Dette for å gjere brukarar, som med eller utan medvit legg inn kontakinformasjon som allereie er i bruk av andre i registeret, merksame på dette. Varselet lenker til ei informasjonsside som fortel kvifor det kan vere uheldig å legge inn eigen kontaktinfo på andre, eller andre sin kontaktinfo på seg sjølv. Det er lov å gjere dette, og stundom kan det vere naudsynt. Difor er tiltaket for merksemd og medvit, og ikkje for å nekte registrering av duplisert kontaktinformasjon.

Varsel om duplikat kontaktinformasjon i KRR
Varselet er synleg for brukarar som skal stadfeste registrert kontaktinformasjon, og for brukarar som registrerer eller endrar kontaktinformasjon i KRR.

Duplisert kontaktinformasjon vert flagga for verksemder som gjer oppslag mot KRR som «epostadresse_duplisert»:«JA» eller «mobiltelefonnummer_duplisert»:«JA». Det er opp til kvar enkelt verksemd å vurdere korleis dei vil nytte denne informasjon. Det er som sagt mogeleg, og tillate, å registrere duplisert kontaktinformasjon. I nokre tilfelle, og for enkelte brukarar, er dette naudsynt. Det kan like fullt vere nyttig og viktig for verksemder å vere klar over dette når ein sender ut varsel om vedtak/melding/informasjon til brukarar.

Tilbod om oppretting av digital postkasse

Nytt av året er også at det no er mogeleg for brukarar som ikkje er reserverte, og som ikkje har digital postkasse, å opprette digital postkasse når ein stadfester kontaktinformasjon eller registrerer kontaktinformasjon i KRR. Dette er eit tiltak for å gjere denne brukargruppa merksame på, og medvitne om, at dei kan motta vedtak og brev frå det offentlege digitalt dersom dei ynskjer dette. Dei kan då med eit par klikk opprette postkasse.

Påminning om oppretting av digital postkasse

Tiltaket skal vere eit tilbod og ikkje verke påtvingande. Det er derfor like lett og tydeleg å velje «Eg ynskjer ikkje digital postkasse» som det er å velje å opprette digital postkasse hjå anten e-Boks eller Digipost.

Tiltaket har hatt god effekt på tal nyoppretta digitale postkasser sidan innføring.

Kontakt

Servicedesk