Hopp til hovudinnhald

Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR) støttar no oppslag på vegner av ei anna verksemd gjennom delegering i Altinn. Kunden gir sjølv leverandøren fullmakt, og leverandøren hentar token frå Maskinporten med organisasjonsnummeret til kunden. Den tillitsbaserte modellen blir fasa ut, og frå 28. februar 2027 må alle oppslag på vegner av kundar gå gjennom delegering i Altinn.

Laga: 14. oktober 2026

Kvifor endrar vi dette?

I dag gjer mange leverandørar oppslag i KRR på vegner av kundane sine gjennom ein tillitsbasert modell. Leverandøren oppgir sjølv kva kunde oppslaget gjeld (iss_onbehalfof).

Med delegering i Altinn styrer kunden tilgangen sjølv, og vel kva leverandør som får gjere oppslag. Maskinporten sjekkar delegeringa i Altinn kvar gong leverandøren hentar token.

Kva betyr dette for deg som leverandør?

Gjer du oppslag i KRR på vegner av kundar, må du gå over til delegering i Altinn innan 28. februar 2027. Delegeringa skjer med eigne scope, som gir dei same dataa som dei vanlege KRR-scopa:

DelegeringsscopeGir same data som
krr:global/kontaktinfo.readkrr:global/kontaktinformasjon.read
krr:global/postkasse.readkrr:global/digitalpost.read

Oppslag som verksemder gjer for seg sjølve, blir ikkje påverka.

Slik kjem du i gang

  1. Kunden får tilgang til delegeringsscopa. Kunden eller leverandøren tek kontakt med servicedesk@digdir.no. Om du er leverandør for fleire kundar, kan du sende ei samla liste med organisasjonsnummer.
  2. Kunden gir leverandøren fullmakt i Altinn. Sjå Altinn si rettleiing for Maskinportenadministrasjon.
  3. Leverandøren legg delegeringsscopa på sin eigen Maskinporten-klient. Klienten må vere registrert på organisasjonsnummeret til leverandøren.
  4. Leverandøren hentar token frå Maskinporten med delegeringsscopa, og set organisasjonsnummeret til kunden i consumer_org i JWT-grantet.
  5. Leverandøren gjer oppslag i KRR som før, med det nye tokenet.

Digdir tek direkte kontakt med leverandørane som gjer oppslag på vegner av kundar.

Fristar

  • No: Delegering i Altinn er tilgjengeleg i produksjon.
  • 28. februar 2027: Den tillitsbaserte modellen blir avvikla for oppslag på vegner av kundar.

Kontakt

Servicedesk