Hopp til hovudinnhald

Statistikk for Kontakt- og reservasjonsregisteret

På denne sida finn du oppdatert statistikk som viser bruken av kontakt- og reservasjonsregisteret. Du kan sjå tal på registrerte innbyggarar, kontaktopplysningar, reservasjonar mot digital kommunikasjon og utviklinga over tid.

Trafikk

Kontakt- og reservasjonsregisteret gir tilgang til innbyggarane sin digitale kontaktinformasjon, og gjer det enklare for det offentlege å kommunisere digitalt med og varsle innbyggarane. Her får du ei oversikt over kor mange oppslag som blir gjort i registeret, og korleis bruken har utvikla seg over tid.

Grafen under viser kor mange oppslag som blir gjort kvar månad. Stolpane viser talet på oppslag for det valde året, medan linja viser same periode året før.


Tips: Hald musepeikaren over grafen for meir detaljert informasjon.

Grafen viser tydelege og stabile årlege mønster. Når trenden blir broten, har det som regel ei konkret forklaring. I 2021 auka bruken av digitale tenester under koronapandemien, noko som førte til fleire oppslag.

Oppetid

Kontakt- og reservasjonsregisteret må vere stabilt og tilgjengeleg heile døgnet, heile året. Kravet til oppetid er 99,90% per månad. Dersom oppetida er lågare enn dette, blir det rekna som brot på kravet.

Planlagt vedlikehald eller uventa hendingar kan føre til nedetid. All informasjon om dette blir publisert på http://status.digdir.no/.

Registrerte og reserverte brukarar

Kontakt- og reservasjonsregisteret er oppslagsverket som offentlege verksemder bruker for å nå innbyggarar digitalt.

Registrerte brukarar

Grafen viser kor mange innbyggarar som er registrerte i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Registrerte kontaktopplysningar, som mobilnummer og e-postadresse, gjer det enklare for det offentlege å kommunisere effektivt med innbyggar.

Dei fleste innbyggarar i Noreg er digitale brukarar. Innbyggarar som ikkje ønsker digital kommunikasjon frå det offentlege, må aktivt reservere seg.

Reserverte brukarar

Innbyggarar som reserverer seg mot digital kommunikasjon frå det offentlege, får i hovudsak informasjon på papir.

Unntak gjeld for viktige servicemeldingar, som til dømes kokepåbod for drikkevatn. Slike meldingar kan innbyggar ikkje reservere deg mot.

Grafen under viser at delen reserverte innbyggarar har gått ned dei siste åra.

Registrerte og reserverte per kommune

Kartet under viser status for registrerte og reserverte innbyggarar i kvar kommune i Noreg. Hald musepeikaren over den kommunen du vil ha meir informasjon om.

Dette seier produkteigar Sture Domaas Førre om Kontakt- og reservasjonsregisteret

«Kontakt- og reservasjonsregisteret er eit lite, men viktig og mykje brukt register. Om lag fem millionar innbyggarar har registrert kontaktinformasjonen sin her, og forventar at det offentlege bruker denne når dei sender informasjon eller varslar om viktige digitale forsendelser og vedtak. Registeret gir også moglegheit til å reservere seg mot digital kommunikasjon. Tilgjengelegheit, sikkerheit og god kvalitet er heilt avgjerande for tilliten til registeret.»

Aldersstatistikk

Her viser vi korleis bruken av KRR varierer mellom ulike aldersgrupper. Grafen viser kor mange unike personar i kvar aldersgruppe som er registrerte i Kontakt- og reservasjonsregisteret, samanlikna med talet på innbyggarar i gruppa. I dei fleste aldersgruppene er delen registrerte svært høg og ligg nær innbyggartalet.

Kundar og tenester

Her finn du oversikt over kor mange verksemder som bruker Kontakt- og reservasjonsregisteret,og kor mange tenester som har vore i aktiv bruk dei siste 12 månadane.

Kundar

Grafen viser kor mange verksemder som har tatt i bruk Kontakt- og reservasjonsregisteret. Dei fleste er offentlege verksemder, men nokre private verksemder bruker registeret når dei utfører oppdrag på vegner av det offentlege.

Tenester

Grafen viser talet på tenester i Kontakt- og reservasjonsregisteret som har vore i bruk kvart år. Tala omfattar både leverandørar og kundar. Dersom ein leverandør gjer oppslag på vegner av ein kunde, blir dette likevel rekna som éi teneste.

Både talet på kundar og talet på tenester auka kraftig frå 2018 til 2019. Det var året då fleire store leverandører tok registeret i bruk og begynte å gjere oppslag på vegner av kundane sine.

Topp 10 - kunde

Grafen viser dei ti verksemdene som har gjort flest oppslag i Kontakt- og reservasjonsregisteret i inneverande år. Desse verksemdene står for ein stor del av den samla bruken.

Språkval

I Kontakt- og reservasjonsregisteret kan du velje kva språk det offentlege skal bruke når dei kommuniserer med deg: nynorsk, bokmål, samisk eller engelsk.

Grafen viser prosentandelen av innbyggjarar som har valt dei ulike språka.

Offentlege verksemder skal kommunisere med deg på det språket du har valt.

Språkval i kommunane

I kartet under kan du halde musepeikaren over dei forskjellige kommunane for å få informasjon om språkval i dei respektive kommunane.

Datagrunnlag

Om du ønsker meir detaljert informasjon om grunnlaget for grafane, kan du sende ein e-post til servicedesk@digdir.no. Vi sender deg gjerne datagrunnlaget.

Meir statistikk?

Er det noko du saknar? Vi set pris på tilbakemeldingar og tek gjerne imot innspel til kva vi bør vise. Send oss ein e-post med ønska dine.