Statistikk for Maskinporten
Her får du oppdatert statistikk om korleis Maskinporten blir brukt. Du kan sjå tal på integrasjonar, kor mange verksemder som er aktive, og korleis bruken utviklar seg over tid.
Aktive konsumentar
Grafen viser kor mange konsumentar som har vore aktive i Maskinporten dei siste 12 månadene. Ein konsument er ei verksemd eller eit system som autentiserer seg gjennom Maskinporten for å få tilgang til eit API. Ved vellukka autentisering vert det utstedt eit token. Tokenet er eit digitalt tilgangsbevis som gir konsumenten lov til å hente eller dele data.
Grafen viser talet på unike verksemder som har fått utstedt eit token per månad.
Tal på API-tilbydere
Ein API-tilbydar er ei verksemd som beskyttar sine API ved hjelp av Maskinporten. Tilbydaren bestemmer kva data konsumentar kan få tilgang til, kva vilkår som gjeld for bruken, og kven som kan bli konsument av API-et.
Grafen viser utviklinga i talet på API-tilbydarar i Maskinporten.
Oppetid
Maskinporten må vere stabil og tilgjengeleg heile døgnet, heile året. Kravet til oppetid er 99,90% per månad. Dersom oppetida er lågare enn dette, blir kravet rekna som brote.
Grafen under viser oppetida per månad. Grøn farge viser månader som oppfyller kravet, medan raud farge viser brot. Den stipla lina markerer oppetidskravet.
Planlagt vedlikehald eller uventa hendingar kan føre til nedetid. All informasjon om dette blir publisert på http://status.digdir.no/.
Topp 10 API-tilbydere
Ein API-tilbydar er ei verksemd som gjer data tilgjengelege gjennom eit API i Maskinporten. Når andre verksemder hentar data frå dette API-et, blir det utstedt eit token, som er eit digitalt tilgangsbevis.
Grafen viser dei ti API-tilbydarane som det er utstedt flest token for. Prosentsatsen viser kor stor del av den samla trafikken kvar API-tilbydar står for.
Topp 10 prefiks
I Maskinporten blir kvart API knytt til eit prefiks. Prefikset er ein del av namnet på API-et og viser kva verksemd eller kva type teneste API-et høyrer til. Alle scopes i Maskinporten er knytta til eit prefiks, og nokre verksemder har vald å fordele sine scopes på ulike prefiks.
Grafen viser dei ti prefiksa med mest trafikk i Maskinporten.
Datagrunnlag
Om du ønsker meir detaljert informasjon om grunnlaget for grafane, kan du sende ein e-post til servicedesk@digdir.no. Vi sender deg gjerne datagrunnlaget.
Meir statistikk?
Er det noko du saknar? Vi set pris på tilbakemeldingar og tek gjerne imot innspel til kva vi bør vise. Send oss ein e-post med ønska dine.