Hopp til hovudinnhald

Autentisering i MinID

MinID brukar tofaktorautentisering for trygg innlogging. Her finn du informasjon om dei ulike metodane brukarene kan velje mellom.

Laga: 20. mai 2026

MinID er ei tofaktorløysing (2FA). Det vil seie at ein må bruke to faktorar for å logge inn på offentlege tenester med MinID. Den eine faktoren er eit sjølvvalt passord. Den andre faktoren kan brukaren velge sjølv, og er eit pushvarsel frå MinID-app eller ein eingongskode ein mottek på SMS eller frå ein godkjenningsapp (tidsavgrensa).

For dei fleste brukarane tilrår vi MinID app, då denne ikkje er avhengig av å sende kode på sms (OTC) eller via ekstern godkjenningsapp. I avsnitta under beskriv vi nærare fordelane og ulempene til dei ulike tofaktormetodane.

Mobil med MinID-logo

MinID App

MinID app gjer autentisering enklare for innbyggaren og sikrare for både innbyggar og kundar.

For brukarar med smarttelefon tilrår vi bruk av MinID app som to-faktormetode. Her mottar innbyggar pushvarsel i appen og treng ikkje å få tilsendt kode frå sms eller godkjenningsapp.

Tidsavgrensa eingongskode (TOTP)

Som alternativ til App-notifisering eller SMS OTC kan brukaren velje å bruke tidsavgrensa eingongskodar (TOTP) frå ein godkjennigsapp (t.d. Microsoft Autenticator, Google Autenticator eller tilsvarande). Denne metoden kan vere hensiktsmessig for verger eller dei som nyttar andre tenester som krev bruk av godkjenningsapp.

Kode på SMS

Innbyggarar som ikkje har smarttelefon kan og bli MinID-brukarar. I desse tilfella må brukaren velge SMS-kode som tofaktormetode. Brukaren får då tilsendt ein eingangskode på SMS for å stadfeste innlogginga

Kode på sms er ei stabil teneste, men er meir avhengig av at andre eksterne tenester er tilgjengelege (mobiloperatør, sms-leverandør, Folkeregisteret, Kontaktregisteret) enn appen og TOTP.