Korleis skaffe MinID?
MinID kan utstedast på fleire måtar. Her beskriv vi korleis ulike brukargrupper kan skaffe seg MinID.
Utstedelse av MinID
I henhald til eIDAS' sikkerhetsnivåforskrift (1502), skal utstedelse av MinID ivareta ein betydeleg sikkerheit for knytning mellom MinID-brukaren og identiteten denne representerer. Kontroll og bekrefting av identitet, og påfølgande aktivering av MinID, kan skje på tre ulike måtar:
1. Aktiveringsbrev
Den mest nytta metoden for å få MinID er å bestille eit aktiveringsbrev med ein tidsavgrensa eingangskode til registrering av MinID. Aktiveringsbrevet vert sendt til folkeregistrert adresse.
2. MinID i skulen
Brukargruppa her er elevar i skulen. Elevane får identiteten sin kontrollert og stadfesta av læraren sin ved fysisk oppmøte og ved hjelp av data frå Feide og Folkeregisteret. Eleven får ein tidsavgrensa aktiveringskode frå læraren som følge av positiv ID-kontroll.
MinID i skulen har vore ein pilot i 2023 og 2024. I 2026 vert det rulla ut som ei varig løysing i dei tre første kommunane.
3. MinID hjå Skatteetaten (MinID-on-the-fly)
Brukarar som må til fysisk ID-kontroll hjå Skatteetaten for tildeling av personidentifikator og skattekort, kan samtidig bestille MinID. Brukaren får tilsendt ein tidsavgrensa aktiveringskode til angitt mobilnummer.
Digital ID-kontroll
På sikt vil digital ID-kontroll med verifisering av identifikasjonsdokument og biometrisk ansiktsgjenkjenning bli tilgjengeleg som ny, sjølvbetent utstedingsmetode for MinID. Meir informasjon kjem.