MinID og sikkerheit
MinID har dei siste åra blitt modernisert for å gjere løysinga enklare og sikrare for både innbyggar og kundar. Det gjev nye moglegheiter for bruk av MinID.
Ein sikrare elektronisk ID
MinID er blitt enda sikrare, og alt ligger til rette for at alle som har tenester på nett kan tillate bruk av MinID i enda større grad enn tidlegare. Måten data vert lagra i databasen er forbetra, og MinID brukar no ny og betre krypteringsteknologi, som skal sikre at brukaren sitt passord ikkje hamnar i feil hender. I tillegg er det lagt til rette for nye og forbetra tofaktormetodar som til dømes godkjenning i app og tidsavgrensa eingongspassord (TOTP) for godkjennignsappar. Desse grepa har gjort MinID til ein enda sikrare elektronisk ID.
Sikkerheitsnivå betydeleg
MinID er ein eID på sikkerheitsnivå betydeleg. Det er den som eig ei teneste som vurderar sikkerheitsnivået for sine innloggingstenester, og for mange tenester er sikkerheitsnivå betydeleg tilstrekkeleg. MinID har ei tofaktor sikkerheitsløysing og nyttar personidentifikator (fødselsnummer eller d-nummer) og personleg passord samt push-varsel frå MinID app eller eingongskodar på SMS eller godkjenningsapp.
Om ein brukar er innlogga med MinID, men ønsker å logge inn på ei teneste som krev eit høgre sikkerheitsnivå, må brukar logge inn på nytt med ein eID på nivå høgt.