eInnsyn gjer det enklare for alle å få innsyn i offentleg informasjon. No er nye tal publiserte, og dei gir eit innblikk i korleis løysinga blir brukt i praksis.
Enkel og effektiv openheit
eInnsyn er ei nasjonal løysing som gir innbyggjarar, journalistar og verksemder tilgang til journalar frå offentlege verksemder. Gjennom tenesta kan ein søkje etter saker og dokument, og be om innsyn på ein enkel og effektiv måte.
Løysinga bidreg til å styrkje openheit i forvaltninga og legg til rette for innsyn i offentleg verksemd. Ved å samle informasjon frå offentlege organisasjonar på éin stad, blir det enklare å finne fram og følgje med på saksbehandling og avgjerder.
Grafen under viser kor mange journalpostar som har vorte publisert på eInnsyn på valt år, medan linja visar året før.
Hald musepeikaren over grafane for meir detaljert informasjon.
Statistikk for alle våre løysingar
På statistikksidene finn du oppdatert statistikk for alle våre fellesløysingar.