Statistikken for Maskinporten er oppdatert, og éin trend skil seg ut: Stadig fleire verksemder deler data på ein trygg og standardisert måte.
Stor auke i september
I september fekk 6 401 ulike verksemder utstedt token frå Maskinporten. Det er 24 prosent fleire enn i august og over dobbelt så mange som i oktober i fjor.
Ein konsument er ei verksemd eller eit system som autentiserer seg gjennom Maskinporten for å få tilgang til eit API. Når autentiseringa lukkast, får konsumenten eit token. Det er eit digitalt tilgangsbevis som gir lov til å hente eller dele data.
Grafen viser kor mange unike verksemder som har fått token kvar månad det siste året.
Sikker deling av data
Maskinporten sørgjer for at verksemder kan dele data trygt med kvarandre gjennom API-ar, utan at ein person må logge inn. Når fleire tek i bruk løysinga, blir meir data delt på ein sikker og standardisert måte. Det gjer det enklare å lage gode, samanhengande tenester for innbyggjarar og næringsliv.