Hopp til hovudinnhald

Kostnadsmodell for ID-porten

Kort fortalt er ID-porten kostnadsfri for verksemder med eit samla transaksjonsvolum under 200 000 per avrekningsår.

Hensikta med kostnadsfordelinga er å:

  • sikre at fordelinga vert opplevd som rettferdig
  • generere minst mogleg administrasjon
  • stimulere til bruk av ID-porten
  • gi små kundar størst mogleg forutsigbarheit i si budsjettering

Prisen pr. autentisering for avrekningsåret 01.10.2022 – 30.09.2023 var 0,37 kr eks. mva og 0,46 kr inkl. mva. Kostnadar ved bruk av e-ID frå private eID-leverandørar skal vidareførast til kundane i samsvar med det som er fastsett nedanfor.

Finansiering

Bruk av eID frå private marknadsaktørar til autentisering i ID-porten og autentisering med MinID (eingongskodar på SMS) finansierast frå to kjelder:

  • Kostnaden for autentisering i ID-porten med eID frå private marknadsaktørar, vert fordelt forholdsmessig mellom dei kundane som har eit samla transaksjonsvolum for autentisering i ID-porten over 200 000 pr. avrekningsår
  • Digitaliseringsdirektoratet fakturerar kundar for autentisering med MinID (eingongskodar på SMS) i ID-porten, dette gjeld både i produksjonsmiljøet og i testmiljøet. Kostnadane vert fordelt mellom kundane som har over 200.000 autentiseringar pr. år. Fakturering skjer for avrekningsperiode 01.10.x0 til 30.09.x1 Faktura vert sendt ut i løpet av oktober/november x1 for heile avrekningsperioden. Kunden vert fakturert i EHF-formatet om ikkje anna er avtala. Kunden skal oppgi fakturareferanse.

Kvar einskild kunde må sjølv syte for naudsynt budsjettdekning.