Kostnadsmodell for ID-porten
Kort fortalt er ID-porten kostnadsfri for verksemder med eit samla transaksjonsvolum under 200 000 per avrekningsår.
Hensikta med kostnadsfordelinga er å:
- sikre at fordelinga vert opplevd som rettferdig
- generere minst mogeleg administrasjon
- stimulere til bruk av ID-porten
- gi små kundar størst mogeleg forutsigbarheit i si budsjettering
Prisen pr. autentisering for avrekningsåret 01.10.2020 – 30.09.2021 var 0,25 kr eks. mva og 0,31 kr inkl. mva. Kostnader ved bruk av e-ID frå private eID-leverandørar skal vidareførast til kundane i samsvar med det som er fastsett nedanfor.
Finansiering
Bruk av eID frå private marknadsdsaktørar til autentisering i ID-porten og autentisering MinID (SMS) finansierast frå to kjelder:
- Kostnaden for autentisering i ID-porten med eID frå private marknadsaktørar, vert fordelt forholdsmessig mellom dei kundane som har eit samla transaksjonsvolum for autentisering i ID-porten over 200 000 pr. avrekningsår
- Digitaliseringsdirektoratet fakturerer kundane for autentisering i ID-porten. Dette gjeld kundane som har over 200.000 autentiseringar pr. år. Fakturering skjer for avrekningsperiode 01.10.x0 til 30.09.x1 Faktura vert sendt ut i løpet av oktober/november x1 for heile avrekningsperioden. Kunden vert fakturert i EHF-formatet om ikkje annet er avtala. Kunden skal oppgi fakturareferanse.
Kvar einskilt kunde må sjølv syte for nødvendig budsjettdekning.