Hopp til hovudinnhald

Dette er eSignering

eSignering gir effektiv og enkel elektronisk signatur av dokument som krev signering frå innbyggjaren.

Kvifor eSignering?

Løysinga gjer at verksemdene kan motta signerte dokument digitalt på ein sikker, brukarvenleg og effektiv måte. Den digitale prosessen gjer at verksemder slepp manuell handtering ved utlevering og innhenting av dokument som skal signerast.

  • Med eSignering vert sjølve signeringa gjort med ein eID
  • Eit signert dokument kan ikkje endrast i etterkant. Etter at innbyggjaren har fullført signeringsprosessen, kan dokumentet arkiverast i sak- og arkivsystem
  • Tenesta støttar både einskildsignatur og multisignatur av signeringsoppdrag.

Signaturtypar

eSignering tilbyr både autentisert og avansert eSignatur.

Kvar verksemd må sjølv avgjere kva tryggleiksnivå/signaturstyrke dei treng på dokumenta som skal signerast:

  • Autentisert eSignatur med minimum betydeleg tryggleiksnivå (nivå 3) er anbefalt så lenge det ikkje er behov for spesielt sterk autentisering eller sikring av sensitivt innhald. Betydeleg tryggleiksnivå (nivå 3) gjer signering tilgjengeleg for fleire.
  • Autentisert eSignatur med minimum høgaste tryggleiksnivå (nivå 4) er anbefalt om dokumentet som skal signerast krev ein signatur basert på sterk autentisering eller om dokumentet har eit sensitivt innhald.
  • Avansert eSignatur er anbefalt for dei som har behov for signatur med spesielt sterk beviskraft. Avansert eSignatur er framstilt med underteiknar sin eigen signeringsnøkkel (PKI). Den er difor teknisk sett ein noko sterkare signatur enn ein autentisert e-signatur.

Slik fungerar eSignering

Illustrasjon av korleis eSignering fungerar

Verksemda utformar eit eller fleire dokument som skal påførast ein digital signatur, og adresserer dette til ein eller fleire mottakarar som skal signere dokumentet. Verksemda avgjer om dokumentet vert sendt manuelt eller maskinelt til signeringstenesta. Den som skal signere mottek eit varsel om at han har eit eller fleire dokument til signering. Den som signerer kan laste ned det signerte dokumentet og få det tilsendt i sin digitale postkasse. Verksemda mottek det signerte dokumentet til sitt fagsystem.

Kunden kan bestille tilleggstenester etter behov og betalar sjølv for dei tenester som vert bestilt. Tilleggstenester for digitale fellesløysingar viser alle tilleggstenester for dei digitale fellesløysingane.