Hopp til hovudinnhald

Dette er ID-porten

Med kjente elektroniske ID-ar får innbyggar tilgang til digitale tenester på tvers av offentleg sektor. For di verksemd er ID-porten eit tillitsanker - bindeleddet mellom innbyggaren og verksemda.

Kvifor ID-porten?

Løysinga gjer innlogging til digitale tenester trygg for innbyggaren. Ved bruk av ID-porten slepp verksemda di å administrere brukarnamn, passord eller brukarstøtte for eigne innloggingsløysingar. I staden kan innbyggaren bruke sin føretrekte eID.

Slik fungerar ID-porten

Slik fungerar ID-porten

Innbyggar kan velje eID ved innlogging i ID-porten. (Tenester som krev innlogging på høgaste tryggleiksnivå har ikkje MinID som alternativ.) Etter innlogging får innbyggaren tilgang til tenesta.

I samsvar med Bruksvilkår for offentlege kundar kan det bestillast tilleggstenester i ID-porten. Kunden bestiller tilleggstenester etter behov og betalar sjølv for dei tenester som vert bestilt. Tilleggstenester for fellesløysingane viser alle tilleggstenester for dei digitale fellesløysingane. For ID-porten kan dette til dømes vere:

  • Utvida driftsberedskap
  • Utvida brukarstøtte
  • Opplæring av eiga brukarstøtte
  • Integrasjon for direkte signering

Logg inn ein gang - få tilgang til fleire tenester

Når innbyggaren har logga inn via ID-porten kan ein og gå vidare til andre digitale tenester, utan å måtte logge inn på nytt. Dette kallast føderering. I praksis vert det gjort ein førespurnad mellom tenestetilbydarane og ID-porten på same måte som ved ein vanleg autentisering, men brukaren vil ikkje få vist autentiseringsdialogen. Om tenesta innbyggaren går vidare til krev eit høgare tryggleiksnivå må ein logge inn på nytt på nivået som tenesta krev. Ved inaktivitet i ID-porten går sesjonen ut på tid etter maks 30 minutt.

Les meir om korleis ID-porten fungerar og overordna arkitekturbeskriving.