Årsplan ID-porten
Årsplanen gjev ein oversikt over tenester som vert definert som høgvolum- eller kritiske periodar.
Laga: 09. januar 2024
Sist endra: 02. juli 2025
Høgvolum- og kritiske periodar i 2025
| Tidspunkt | Kunde | Teneste |
|---|---|---|
| 1. februar | Vigo | Søknadsfrist vidaregåande opplæring for særskilt opptak. |
| 1. mars | Vigo | Søknadsfrist til vidaregåande opplæring. |
| 13. mars | Skatteetaten | Skattemelding - dei første skattemeldingane til personar sendast ut. Alle skattemeldingar til personar skal vere sendt ut innan 11. april. |
| 15. mars | Lånekassen | Frist for å søke om stipend/lån. |
| 19. mars | Skatteetaten | Utsending av dei første skatteoppgjera, vekentleg utsending. |
| 15. april | UNIT | Søknadsfrist høgare utdanning. |
| 30. april | Skatteetaten | Frist for å endre og levere skattemelding |
| 20. juli | UNIT | Svar på søknad til høgare utdanning. Det er no mogleg å søke på ledige studieplassar. |
| 1.-10. september | Valgdirektoratet | Stortingsvalg |
| 15. - 17. desember | Skatteetaten | Varsel om at skattetrekksmelding (skattekort) er tilgjengeleg. |
Meld i frå om høgvolum- og kritiske tenester
For å sikre stabile tenester ber vi om at de melder frå til oss om de forventar periodar som er kritiske for tenesten eller har høg trafikk.
Vi vil gjere så godt vi kan for at vedlikehald som kan påvirke ID-porten vert lagt utanfor høgvolum- og kritiske periodar.
Årsplanen vert oppdatert fortløpande.