Kontaktregisteret
Her finn du statistikk for bruk av Kontakt- og reservasjonsregisteret. Statistikken blir oppdatert den 16. kvar månad.
Månadlege nøkkeltal
Visninga viser antal innbyggarar som er registrert i registeret, kor mange kundar som nyttar Kontaktregisteret, kor mange oppslag kundane gjer i løysinga kvar månad og oppetid på løysinga.
Trafikk
Trafikken viser antal oppslag i registeret per månad. Eit oppslag er når ei verksemd gjer oppslag på kontaktinformasjonen til ein innbyggar.
Oppetid
Her ser du oversikt over oppetiden per månad for Kontaktregisteret. SLA-kravet for oppetiden i Kontaktregisteret er 99,90 % per månad.
Aldersfordeling
Her ser du aldersfordeling på reserverte innbyggarar i Kontaktregisteret. Visninga viser innbyggarar totalt i aldersgruppa og kor stor andel av desse som er reservert.
Reserverte innbyggarar
Kartet viser kor mange innbyggarar som har reservert seg per fylke og per kommune. Det viser også ein oversikt over dei fem kommunane med flest og færrast reserverte innbyggarar i Noreg. Reserverte innbyggarar er personar som har status som ikkje digitale borgarar.