Dette er kontaktregisteret
Registeret gjev tilgang til innbyggjarane sin digitale kontaktinformasjon, mellom anna mobilnummer og e-postadresse.
Kontaktregisteret er heimla i eForvaltningsforskrifta § 29 og Digitaliseringsdirektoratet er behandlingsansvarleg etter § 30 i forskrifta.
Kva kan registeret brukast til?
Kontaktregisteret har eit obligatorisk bruksområde og eit frivilleg bruksområde:
- Kontaktregisteret er den primære kjelda for innbyggjar sin digitale kontaktinformasjon, og kontaktregisteret skal brukast ved varsling om til dømes enkeltvedtak og andre viktige meldingar (eForvaltningsforskrifta § 8 tredje ledd).
- For å kunne sende viktige brev digitalt utan samtykke, skal forvaltningsorganet sjekke innbyggjar sin reservasjonsstatus.
- Offentlege verksemder kan bruke kontaktregisteret til å varsle innbyggjar på SMS eller e-post. Dette kan vere påminning om avtalar og servicemeldingar. Sjølv om ein er reservert mot digital kommunikasjon vil ein motta varsel.
- Informasjonen i registeret kan og elles nyttast i samband med sakshandsaming og utføring av forvaltningsoppgåver.
I samband med korona-pandemien varsla Helsedirektoratet og kommunar innbyggjarane om smitteverntiltak på SMS eller e-post. Det same gjer skatteetaten til dømes når skattemeldinga er tilgjengeleg.
4,6 millionar innbyggjarar er registrert i kontaktregisteret.
Slik fungerer kontaktregisteret

Innbyggjar registrerar sine kontaktopplysningar i kontaktregisteret. Verksemda gjer eit oppslag mot kontaktregisteret, og hentar informasjonen der. Det vil sei at både innbyggjar og verksemder har berre eit digitalt kontaktregister å forholde seg til.
Innhald i kontaktregisteret
- fødselsnummer
- e-postadresse
- mobilnummer
- reservasjonsstatus
- valt digital postkasse
- språkvalg for elektronisk kommunikasjon
- krypteringssertifikat
Kvar tredje månad vert innbyggjar bedd om å stadfeste eller oppdatere kontaktinformasjonen sin. Det skjer ved innlogging i ID-porten. Den digitale kontaktinformasjonen kan ikkje nyttast om den ikkje er stadfesta eller oppdatert dei siste 18 månadane.