Hopp til hovudinnhald

Prinsipp for bruk av Kontaktregisteret

eForvaltningsforskrifta (FOR-2004-06-25-988) kapittel 7 regulerer register over digital kontaktinformasjon og reservasjon med tilhøyrande infrastruktur. Registeret kan innehalde nærare definerte opplysningar om innbyggarar (privatpersonar og einheiter som ikkje er registrert i Enhetsregisteret), sjå § 31. Digdir er behandlingsansvarleg for registeret

Laga: 06. januar 2025

Opplysningar i Kontakt- og reservasjonstegisteret (KRR) kan nyttast i samband med saksbehandling og utføring av forvaltningsoppgåver for øvrig. KRR skal nyttast til varsling etter § 8 trefje ledd, jf § 29 andre ledd.

Etter eForvaltningsforskrifta § 8 kan eit forvaltningsorgan nytte elektronisk kommunikasjon når det henvender seg til andre. Etter § 9 kan innbyggar reservere seg mot å motta føgjande elektronisk frå forvaltninga:

  • enkeltvedtak
  • førehandsvarsel etter forvaltningslova § 16
  • andre meldingar som har betydning for vedkommandes rettsstilling eller for behandlinga av saka
  • meldingar som det av andre grunnar er av særleg betydning å sikre at vedkommande mottek

Reservasjonar skal registrerast i KRR.

Etter eForvaltningsforskrifta § 37 skal alle forvaltningsorgan nytte den kontaktinformasjonen som er registrert i KRR til å sende varsel om enkeltvedtak mv. etter forskriftas § 8.

Så snart forvaltningsorganet er kobla til registeret, kan det kommunisere elektronisk med innbyggarar utan å innhente samtykke. Kontaktinformasjonen i registeret skal frå same tid nyttast til å sende varsel etter § 8.