Dette er Kontakt- og reservasjonsregisteret
Registeret gir tilgang til innbyggarane sin digitale kontaktinformasjon, mellom anna mobilnummer og e-postadresse.
Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR) er heimla i eForvaltningsforskrifta § 29 og Digitaliseringsdirektoratet er behandlingsansvarleg etter § 30 i forskrifta.
Kva kan registeret brukast til?
KRR har eit obligatorisk og eit frivillig bruksområde:
- KRR er den primære kjelda for innbyggaren sin digitale kontaktinformasjon, og skal brukast ved varsling om til dømes enkelvedtak og andre viktige meldingar (eForvaltningsforskrifta § 8 tredje ledd).
- For å kunne sende viktige brev digitalt utan samtykke, skal forvaltningsorganet sjekke innbyggaren sin reservasjonsstatus.
- Offentlege verksemder kan bruke KRR til å varsle innbyggaren på SMS eller e-post. Dette kan vere påminning om avtalar og servicemeldingar. Sjølv om ein er reservert mot digital kommunikasjon vil ein motta varsel.
- Informasjonen i registeret kan og nyttast i samband med sakshandsaming og utføring av forvaltningsoppgåver.
I samband med korona-pandemien varsla Helsedirektoratet og kommunar innbyggarane om smitteverntiltak på SMS eller e-post. Det same gjer skatteetaten til dømes når skattemeldinga er tilgjengeleg.
5,4 millionar innbyggarar er registrert i Kontakt- og reservasjonsregisteret.
Slik fungerar Kontakt- og reservasjonsregisteret
Innbyggaren registrerer sine kontaktopplysningar i KRR. Verksemda gjer eit oppslag mot registeret, og hentar informasjonen der. Det vil sei at både innbyggar og verksemder har berre eit digitalt register å forhalde seg til.
Innhald i Kontakt- og reservasjonsregisteret
- fødselsnummer
- e-postadresse
- mobilnummer
- reservasjonsstatus
- adresse til digital postkasse valgt for mottak av digital post fra offentleg sektor
- språkval for elektronisk kommunikasjon
- krypteringssertifikat
- status
- sist verifisert og sist oppdatert
Kvar tredje månad vert innbyggar bedd om å stadfeste eller oppdatere kontaktinformasjonen sin. Det skjer ved innlogging i ID-porten. Den digitale kontaktinformasjonen kan ikkje nyttast om den ikkje er stadfesta eller oppdatert dei siste 18 månadane.
Ved oppretting eller stadfesting av kontaktinformasjon vert innbyggar bedd om å verifisere registrert mobilnummer og e-postadresse, dette for å stadfeste at informasjonen er korrekt og gyldig. Verifisert kontaktinformasjon er flagga for verksemder som gjer oppslag mot KRR.
KRR har funksjonalitet for varsling om duplikat kontaktinformasjon. Dette for å gjere innbyggar merksam på at kontaktinformasjonen hen er i ferd med å registrere allereie er i bruk av andre i KRR. Det er lov å gjere dette, og stundom kan det vere naudsynt. Duplisert kontaktinformasjon vert flagga for verksemder som gjer oppslag mot KRR.