Dette er digital postkasse
Digital postkasse gjer det enkelt å kommunisere digitalt med innbyggar, uavhengig av kva postkasse innbyggaren har valt.
Kvifor digital postkasse?
Ved bruk av digital postkasse til innbyggar har kundane fleire fordelar som gjer det enklare å kommunisere digitalt:
- Alle brev til innbyggar kan sendast gjennom ein og same løysing, uavhengig av om innbyggaren har digital postkasse eller ikkje. Utskrifts- og forsendelsestjenesten tilbyr å skrive ut post på papir, konvoluttere og sende papirpost til innbyggarar som ikkje har digital postkasse.
- Kontaktinformasjonen til innbyggar er oppdatert da den vert henta frå kontakt- og reservasjonsregisteret, der innbyggar sjølv vedlikeheld kontaktinformasjonen sin. Innbyggar blir også varsla via e-post eller på SMS når vedkommande har fått eit brev i si digitale postkasse.
- Innbyggar vel sjølv postkasse, blant marknadsaktørene Digipost og e-Boks. Dette gjer at innbyggaren får posten tilsendt der h*n ønskjer.
Slik fungerar digital postkasse

Fellesløysinga består av sentrale komponentar (aktørar), foruten kunden (offentlege verksemder) og mottakarar (innbyggarar). Desse aktørane er:
- Kontakt- og reservasjonsregister (KRR): Register for innbyggarane sin digitale kontaktinformasjon og reservasjonsstatus. Kundar har tilgang via Oppslagstenesta for kontaktinformasjon.
- Aksesspunkt: Aksesspunkt for bruk innan Peppol eGovernment kan kun leverast av ein godkjend Peppol Service Provider. Digdir har inngått avtale med ein aksesspunktleverandør/Service provider på vegne av alle offentlege verksemder. Offentlege verksemder som ønskjer å inngå avtale med andre aksesspunktleverandører/Service providere står fritt til dette.
- Digital postkasse: Innbyggaren sitt grensesnitt mot posttenesta. Digital postkasse har ansvar for å tilgjengeliggjere og oppbevare innbyggar sine digitale brev frå det offentlege. Innbyggar blir varsla på e-post eller SMS når han har mottatt brev i si digitale postkasse, basert på kontaktinformasjon i KRR.
- Utskrift- og forsendelsestenesta (printtenesta): Digital postkasse ivaretek innbyggarar som ikkje kan eller ønskjer å motta offentlege brev digitalt, ved at det blir printa og sendt som papirbrev.
- Varsling: Innbyggarar får varsel på e-post frå sin valde postkasseleverandør når dei mottar brev frå det offentlege i si digitale postkasse. Kundar kan også bestille utvida varsling på SMS som ein tilleggsteneste. Dei to postkasseleverandørane har litt ulik praksis for varslingane. Sjå detaljert oversikt.
Integrasjonsalternativ
Det finnes tre måtar å knytte seg til digital postkasse på:
- Kjøpe ein ferdig utvikla modul til eit standard fagsystem eller sak-/arkivsystem
- Bruke integrasjonspunkt for eFormidling
- Utvikle ein eigen integrasjon.