Hopp til hovudinnhald

Ansattporten er laga for å gjere innlogging og samhandling tryggare og enklare for verksemder i offentleg sektor. Pålogging med Entra ID vil gjere innlogging og tilgangsstyring enda enklare for mange.

Laga: 17. mars 2026 Sist endra: 07. april 2026

Eksternalisert identitet

Eit av hovudføremåla til Ansattporten er at brukarstader eller tenester skal sleppe å implementere brukarkontoar og innlogging sjølve. I staden kan dei bruke fellesløysingane som Digdir tilbyr.

At vi no opnar for pålogging med Entra ID vil vere positivt for mange tilsette både i offentleg og privat sektor då mange verksemder allereie brukar Entra ID.

Eksternalisert identitet

Ansattporten versus ID-porten

Til forskjell frå ID-porten så fokuserer Ansattporten på innlogging av tilsette hos ein offentleg arbeidsgivar og tilbyr informasjon om representasjon. Det betyr at dei tilsette opptrer på vegne av sin arbeidsgivar.

Ein annan skilnad er at Ansattporten ikkje har Single Sign-On (SSO) funksjonalitet. Altså må ein logge inn på nytt om ein er pålogga med Ansattporten ein plass og hoppar vidare til ei anna teneste som privatperson, dette gir Ansattporten ein høgre grad av sikkerheit.

I ID-porten kan ein logge inn med eID-ar på sikkerheitssnivå betydeleg (MinID) og høy (Buypass, BankID og Commfides). I Ansattporten kan ein i tillegg bruke Entra ID. Entra ID har ikkje eit sikkerheitsnivå, men den er ofte meir å stole på enn vanleg internett identitet. Hos Entra ID ligg tillitsnivået til identiteten.

Tilgangsstyring i Entra ID

Vi legg opp til at arbeidsgivar kan tilordne både representasjonsrett og applikasjonsrettigheiter til sine tilsette ved å bruke deira eigen Entra ID. Applikasjonar eigd av offentlege verksemder kan bruke Ansattporten til å få meir informasjon om sluttbrukaren som den kan bruke for sporing og tilgangsstyring. Dette har fleire fordelar:

  • Dei brukar sitt vante tilgangsstyringssystem
  • Det gir betre sikkerheit fordi brukerkontoens livssyklus vert styrt av arbeidsgivar sine "vanlege rutinar" (HR system osv.)
  • Det lar oss legge til rette for betre samhandling ved å innføre sentral funksjonalitet for å koble grupper til verksemder, og grupper til eksterne rettigheiter

Korleis ta i bruk Ansattporten

Tenker du at Ansattporten kan vere noko for di verksemd? Her finn du informasjon om korleis de kan ta den i bruk. Har du spørsmål om Ansattporten eller Entra ID, ta kontakt med vår Servicedesk.

Kontakt

Servicedesk