Gevinstar med Designsystemet
Ved å bruke felles komponentar og god praksis kan verksemder spare tid og bruke meir ressursar på eigne behov. Innbyggarane får tenester som er lettare å kjenne att og bruke. Ei samfunnsøkonomisk analyse viser kva gevinstar Designsystemet kan gi, og kor mykje tid verksemder kan spare.
Kva kan verksemda spare?
Ein av dei største gevinstane ved å bruke Designsystemet er mindre tid til design og frontend-utvikling. Den samfunnsøkonomiske analysen anslår følgande gevinst:
Meir effektiv etablering ved bygging av eige designsystem.
Talet er eit estimat frå den samfunnsøkonomiske analysen og bygger delvis på intervju med verksemder som har bygd eigne designsystem. Kor mykje tid verksemda faktisk kan spare, avheng mellom anna av storleik, kompetanse og korleis Designsystemet blir tatt i bruk.
Rekn ut kor mykje tid di verksemd kan spare
Med gevinstkalkulatoren kan du rekne ut kor mange timar verksemda di kan spare ved å bruke Designsystemet i nye løysingar. Du vel om verksemda skal bruke Designsystemet direkte eller byggje eit eige designsystem. Kalkulatoren gir eit forenkla og forsiktig estimat som kan vere til hjelp når du vurderer å ta i bruk Designsystemet.
Andre gevinstar for verksemda
Enklare å oppfylle krav til universell utforming
Designsystemet har ferdige komponentar og retningslinjer som gir eit betre utgangspunkt for å oppfylle krav til universell utforming og klarspråk.
Analysen anslår at Designsystemet kan bidra til å oppfylle mellom 30 og 50 prosent av krava i WCAG, føresett at det blir brukt riktig. Det betyr ikkje at ei teneste automatisk blir universelt utforma. Verksemda må framleis sikre at den ferdige tenesta oppfyller krava.
Høgare kvalitet og mindre dobbeltarbeid
Når fleire verksemder bruker, testar og gir tilbakemelding på dei same komponentane, blir det enklare å oppdage feil og forbetre løysingane. Verksemda slepp å utvikle og vedlikehalde alt sjølv. Det kan redusere risikoen for feil og frigjere tid til andre oppgåver.
Behald verksemda sin visuelle profil
Verksemda kan bruke Designsystemet og samtidig behalde den eigne visuelle profilen. Logo, fargar og typografi bestemmer verksemda sjølv. Frå Designsystemet får ein grunnleggjande komponentar, funksjonalitet og mønster som ikkje treng å vere unike for kvar verksemd.
Gevinstar for innbyggarane
Når verksemder bruker same grunnleggande komponentar og mønster, møter innbyggarane kjende løysingar på tvers av tenester.
Mindre tid og færre feil
Når digitale tenester fungerer på kjende måtar, slepp innbyggarane å lære seg nye løysingar kvar gong dei skal utføre ei oppgåve. Det kan gjere tenestene enklare å forstå, gi færre feil og spare tid.
Færre blir ståande utanfor
Når digitale tenester blir meir tilgjengelege og forståelege, kan fleire bruke dei på eiga hand. Det kan gi fleire tilgang til viktig informasjon og offentlege tenester, og redusere behovet for hjelp.
Om analysen
Digdir fekk hausten 2025 Agenda Kaupang til å utføre ein samfunnsøkonomisk analyse av Designsystemet. Analysen peikar på fire utfordringar som Designsystemet kan bidra til å løyse:
- Digitalt sårbare møter tenester som ikkje er brukarvenlege, og nokon blir ståande utanfor.
- Offentlege digitale tenester er fragmenterte og lite heilskaplege, og forskjellane mellom nettsidene skaper forvirring og dårlege brukaropplevingar.
- Etterlevinga av regelverket for universell utforming og klarspråk er mangelfull.
- Det er for lite samordning, samarbeid og standardisering innanfor design.