Hopp til hovudinnhald

Ta i bruk Designsystemet

Verksemda kan ta i bruk heile Designsystemet eller berre delar av det. Her ser de korleis de kjem i gang, og kva de kan bruke.

Laga: 26. november 2026

Kom i gang med Designsystemet

Dei fleste verksemder bruker Designsystemet som fundament og byggjer vidare med eigne komponentar og mønster. Tenestene kan dermed ha eit unikt uttrykk, samtidig som dei grunnleggjande komponentane og interaksjonane fungerer likt på tvers.

Slik kjem de i gang

  1. Kartlegg behova. Vurder kvar Designsystemet kan gi verdi i verksemda. Det kan vere ein komponent verksemda elles måtte ha bygd sjølv, eller eit problem med tilgjengelegheit som må løysast.
  2. Utforsk Designsystemet. Bruk Kom i gang-sidene til å sjå kva som finst, og kva som passar saman med det verksemda har frå før.
  3. Ta i bruk det du treng. Verksemda treng ikkje innføre alt på éin gong. Start med eitt konkret behov, og utvid etter kvart.
  4. Bidra tilbake. Del erfaringar og forslag til forbetringar, så blir Designsystemet betre for alle som bruker det.

Kombiner med det de har frå før

Når de utviklar tenester eller ein nettstad, tek de med den visuelle profilen til verksemda: logo, fargar, typografi, ikon, illustrasjonar og retningslinjer. Frå Designsystemet får de det som ikkje treng å vere unikt: grunnleggande komponentar, tilgjengelegheit og funksjonalitet, og felles mønster for vanlege oppgåver.

Har de eit designsystem frå før, kan de byte ut berre delar av det og behalde resten. De kan også kombinere komponentar frå Designsystemet med eigne løysingar.

Illustrasjon som viser kva verksemda har sjølv, og kva ho kan få frå Designsystemet, mellom anna komponentar, mønster, universell utforming og eit fagmiljø for kunnskapsdeling.

Kva kan de ta i bruk?

Designsystemet består av fleire delar som verksemda kan bruke kvar for seg eller saman.

Tema

Designsystemet støttar ulike visuelle identitetar gjennom tema. Med Temabyggaren setter de opp eit eige tema med fargar og andre val frå profilen til verksemda, og lagar design tokens som de kan bruke både i designverktøy og kode. Design tokens sørgjer for at design og kode bruker same verdiar.

I grove trekk lagar de temaet i Temabyggaren, lagrar det i eit repo og genererer design tokens med kommandolinjeverktøyet. Deretter koplar de Figma til tokens og genererer CSS.

Komponentar

Komponentane er ferdige byggeklossar til brukargrensesnitt, til dømes knappar, avkryssingsboksar, dialogar, tabellar og faner. Dei er uavhengige av rammeverk og passar saman med teknologien verksemda allereie har.

De får komponentane i Figma og som kode: CSS, ein rammeverkuavhengig webpakke og React. Bruk dei komponentane de treng, og bygg vidare med eigne når behovet er der.

Mønster

Mønster viser korleis felles løysingar for vanlege oppgåver kan sjå ut. Det gjeld til dømes korleis ein plasserer knappar, markerer obligatoriske felt og viser feilmeldingar. Når tenester løyser same oppgåve på same måte, kjenner brukarane seg att og slepp å lære noko nytt kvar gong. Mønstra blir utvikla i eit tverretatleg samarbeid.

Bidra tilbake

Designsystemet ønsker å legge til rette for eit aktivt og inkluderande fellesskap der alle som ønsker kan bidra, dele erfaringar og lære av kvarandre. Målet er å skape eit miljø der både designarar og utviklarar kan diskutere utfordringar, dele løysingar og bidra til å forbetre Designsystemet.