EU-kommisjonen har sendt ut tre nye forslag til gjennomføringsrettsakter til eIDAS 2.0 på høyring. Her får du oversikt over dei tre rettsaktene, kva dei inneber og korleis du kan gje innspel innan fristen 18. juli.
EU-forordninga eIDAS 2.0 dannar grunnlaget for europeisk digital identitet, mellom anna gjennom innføringa av den europeiske digitale identitetslommeboka. For å sikre eins gjennomføring og oppfølging, blir det vedteke ei rekkje gjennomføringsrettsakter som spesifiserer tekniske og organisatoriske krav til ulike aktørar og tenester.
Desse rettsaktene kan du gi innspel på no
Risikostyringsprosedyrar for ikkje-kvalifiserte tillitstenestetilbydarar
Denne rettsakta fastset krav til korleis ikkje-kvalifiserte tillitstenestetilbydarar skal gjennomføre risikostyring og tryggingstiltak. Føremålet er å sikre at også ikkje-kvalifiserte tilbydarar følgjer eit minimumsnivå av tryggleik, tilpassa risikoen ved tenestene dei leverer.
Endring av gjennomføringsrettsakt om Trusted Lists
Trusted Lists er offisielle lister over tillitstenestetilbydarar og tenestene deira i kvart medlemsland, og er avgjerande for validering av elektroniske signaturar og segl på tvers av landegrenser.
Akkreditering av samsvarsvurderingsorgan
Denne rettsakta spesifiserer krav til akkreditering og vurdering av såkalla samsvarsvurderingsorgan (Conformity Assessment Bodies, CABs) som utfører revisjonar av kvalifiserte tillitstenestetilbydarar.
Slik kan du gje innspel
Alle dei tre rettsaktene er ute på open høyring via EU-kommisjonen sin portal Have your say for betre regelverk med frist 18. juli. Norske aktørar, myndigheiter og andre interesserte blir oppmoda til å lese forslaga og sende inn sine synspunkt.
Dette gjer Digdir
Digdir arbeider med gjennomføringsrettsakter på fleire arenaer. Vi er mellom anna deltakarar i European Digital Identity Cooperation Group (EDICG), som er ei samarbeidsgruppe med føremål å støtte implementeringa av eIDAS 2.0, gi råd til EU-kommisjonen og bidra i utbygginga av «verktøykassa» til europeiske digitale lommebøker.
Digdir samarbeider òg tett med våre nordiske og baltiske kollegaer, og vurderer fortløpande moglegheiter for å levere felles høyringssvar knytta til gjennomføringsrettsakter. Gjennom NOBID (Nordic and Baltic eID project), leia av Digdir under Nordisk Ministerråd, har vi ein god plattform for diskusjonar og samarbeid knytt til innføringa av eIDAS 2.0.