EU har vedteke og publisert tre gjennomføringsrettsakter under eIDAS-regelverket. Desse oppdaterer standardane og spesifikasjonane som gjeld for registrering av lommebokavhengige partar, kjernefunksjonalitet og verifisering av elektroniske attesteringar i den europeiske digitale identitetslommeboka.
Dei tre rettsaktene vart alle vedtekne 15. juli 2026 og publisert i Official Journal 22. juli:
Oppdaterte standardar og spesifikasjonar for registrering av brukarstader (wallet-relying parties). Ein av dei mest omfattande endringane fører med seg at det vert obligatorisk for medlemslanda å sørge for utferding av registreringssertifikat for brukarstader. Føremålet med dette er å betre tryggleiken og personvernet ved bruk av lommeboka.
Oppdaterte standardar og spesifikasjonar for personidentifiseringsdata og elektroniske attesteringar, integritet og kjernefunksjonalitet i lommeboka, samt varsling til Kommisjonen og protokollar/grensesnitt.
Denne gjennomføringsforordninga gjer portrettfoto til eit obligatorisk datafelt i PID-datasettet. Nasjonalstaten kan likevel velje å gjere det frivilleg for innbyggar å ha portrett i datasettet. Når brukaren av lommeboka skal dele informasjon om seg sjølv, skal dei kunne velje vekk kvart enkelt felt av PID-datasettet, av omsyn til den enkelte brukaren sin vurdering av personvern. I tillegg vert føresegnene om kryptografi i 2024/2979 oppdatert.
Det er og gjort ei innstramming av reglane for korleis PID-datasett og elektroniske attesterte attributtar skal visast i 2024/2982. Spesielt viktig er at lommeboka ikkje kan støtte seg på applikasjonar som ikkje er omfatta av lommebokordninga.
Oppdaterte standardar og spesifikasjonar for verifisering av elektroniske attesteringar av eigenskapar.
Gjennomføringsrettsakta gir nye reglar spesielt retta mot elektroniske attesterte attributtar utsteda av eller på vegner av offentlege etatar, og då spesielt innstramma reglar om verifisering og tilbakekalling av desse.
Den første av desse, 2026/1730, tek til å gjelde 11. august 2026.
I tillegg til dei nye rettsaktene har òg Architecture and Reference Framework (ARF) blitt oppdatert til versjon 3.0.0. Den nye versjonen er i samsvar dei oppdaterte rettsaktene, og inneheld mellom anna eit nytt rammeverk for funksjonell samsvarstesting (Functional Conformance Assessment Framework), publisert på conformance.eudi.dev.