Hopp til hovudinnhald

EU-kommisjonen har publisert versjon 3.0 av Architecture and Reference Framework (ARF), det tekniske rammeverket for den europeiske digitale identitetslommeboka. Versjonen stiller nye krav til brukarstader og portrettbilete i lommeboka.

Laga: 21. august 2026

Oppdateringa av ARF-rammeverket vart publisert 21. juli og samsvarar med tre nye gjennomføringsrettsakter til eIDAS-regelverket får i sommar.

I tillegg byggjer EU inn eit nytt rammeverk for funksjonell samsvarstesting – Functional Conformance Assessment Framework (FCAF), publisert på conformance.eudi.dev. Rammeverket gjer det mogleg å teste om ei lommebokløysing oppfyller dei funksjonelle krava gjennom delte, gjenbrukbare testtilfelle, og er eit forstadium til den komande sertifiseringa av lommebøker.

Ny datamodell for brukarstader

Ei sentral endring i ARF 3.0 gjeld datamodellen for brukarstader. Tidlegare var ein brukarstad (relying party) knytt direkte til éin aktør. I den nye versjonen kan ein RP-organisasjon ha fleire RP-tenester, som igjen kan ha fleire RP-instansar.

Endringa gir ein meir fleksibel struktur for korleis verksemder kan organisere ulike tenester og bruksområde under same organisasjon i lommebok-økosystemet.

Blir innført i sandkassa denne hausten

– Dette er endringar det er verdt å merke seg, særleg for verksemder som allereie er i sandkassa. Datamodellen for brukarstader blir meir fleksibel, og det blir tydelegare korleis ein organisasjon kan strukturere fleire tenester under lommebok-økosystemet. Vi tek sikte på å innføre desse endringane i sandkassa i løpet av hausten, seier sjefsarkitekt Jørgen Binningsbø i Digdir.

Portrettbilete obligatorisk i PID

Ei anna endring er at portrettbilete no blir eit obligatorisk datafelt i det digitale id-beviset (PID). Det enkelte medlemslandet kan likevel velje å gjere det frivillig for innbyggjaren å ha portrettbilete i eige datasett.

Brukaren av lommeboka skal framleis kunne velje vekk enkeltfelt i PID-datasettet når opplysningar skal delast, slik at prinsippet om at brukaren sjølv styrer kva som blir delt, blir vidareført.

Digdir vil ikkje prioritere denne implementeringa i sandkassa med det første, men kravet fører til eit betydeleg auka ansvarsomfang for PID-utferdaren i det endelege økosystemet i Noreg.