Hopp til hovudinnhald

Digitale lommebøker er eit høgaktuelt tema på NOKIOS-konferansen i oktober. Gjennom kurs og workshop kan deltakarane lære om og utforske dei strategiske og praktiske sidene av det digitale skiftet som kjem med eIDAS 2.0 og innføringa av nasjonale løysingar. På Nokios lanserer vi også den nasjonale sandkassa for lommebøker.

Laga: 02. september 2025 Sist endra: 15. september 2025
En person holder en mobiltelefon
Foto: Envato

Med kurs og workshop gir Digdir og Brønnøysundregistera deltakarane ei arena for å forstå samanhengen mellom europeisk regelverk, nasjonal strategi og praktisk bruk.

Kurs

Mest fokus på lommebøker er på første konferansedag 21. oktober. Først ein kursbolk som gir ei grundig innføring i status for arbeidet med digitale lommebøker i Noreg, sett i lys av eIDAS 2.0. Med den gjeldande digitaliseringsstrategien og nasjonal handlingsplan for eID som bakteppe, står Noreg framfor viktige val: Korleis skal eID på høgt sikkerheitsnivå bli tilgjengeleg for fleire, og korleis kan vi realisere ei digital lommebok for alle?

Kurset gir innsyn i den pågåande konseptvalutgreiinga, og kva eIDAS 2.0 betyr for offentleg sektor, næringsliv, frivillig sektor og deg som innbyggjar. Vi tek deg gjennom dei viktigaste tiltaka, prioriteringane og vegen vidare mot eit meir digitalt og samankopla Europa.

Workshop

Illustrasjon av sandkasse

I workshopen går Digdir og Brønnøysundregistrene frå strategi til konkret handling. Her vert den nasjonale sandkassa og pilotanlegget for digitale lommebøker lansert – der verksemder kan teste ut korleis teknologien verkar. Gjennom scenario og interaktive øvingar utforskar vi korleis teknologien kan skape nye tenester, effektivisere prosessar og styrke brukaropplevinga.

Digdir og Brønnøysundregistera deler korleis dei ser for seg å bidra i økosystemet – frå å utstede pålitelege identitetar til å handtere grensekryssande datautveksling. Du får innsikt i både praktiske utfordringar og konkrete moglegheiter – og verktøy for å kome i gang.

Norsk konferanse for IKT i offentlig sektor (NOKIOS) er ein møteplass for alle aktørar som kan bidra til bedre og meir effektive offentlige tenester i Noreg ved god bruk av IKT. Digdir er medarrangør. Nokios 2025 går av stabelen 21.-23. oktober og er den 19. i rekka.