Hopp til hovudinnhald

Årets tema for konferansen var #ViEndrerSammen. Dagar fullspekka med mykje fagleg utbyte med fokus på å gi innbyggjarane best mogleg hjelp og bistand sto på menyen i Bodø.

Namneskilt til Servicekonferansen 2022 liggande på eit bord.

Bodø viste seg frå si beste side, og kunne på by på ein himmel full av nordlys ved ankomst. Konferansen hadde eit spanande og variert program, og alt i frå prest, ordførar, fotballtrenar, journalist og tilsette i kommune og stat, førte oss gjennom ulike tema. Tema til ettertanke og refleksjon, men og deling av erfaringar i møte med innbyggjar og brukar sine tjenester.

Bilde frå scena der Odd Eidner har presentasjon
Odd Eidner, prest i den norske kyrkje hadde eit lærerikt og spanande foredrag.

Relevante tema

Per Olav Ravlo, prosjektleiar i Politiet, tok oss gjennom eit føredrag med tema «Innbyggeren skal få løst sitt problem ved første kontakt». Dette traff oss veldig. Målet er at innbyggaren alltid skal vera i fokus og få hjelp ved første kontakt. Ein ynskjer å forflytta volumet av henvendigar frå fysisk til digitalt. Dette kan trekkast parallellar til vårt arbeid. Me tilrettelegg for at innbyggaren sjølv kan skal bli meir sjølvhjelpen, og bruka tenestene på eiga hand.

Kjersti Rongved, leiar i Bodø kommune, tok oss gjennom ei reise med tema «Hvordan bli en god veileder i de kanalene vi møter innbyggerne». Hovudfokuset var telefoni og korleis ein kunne møta innbyggarane der. Bodø kommune hadde gjort seg nokre tankar om kva det er som gjer samtalar vanskelege, korleis ein ynskjer å bli møtt om ein tek kontakt med eit offentleg kontor, kva ein gjer for å møte mennesker slik ein sjølv vil bli møtt, korleis kan ein bli betre og hjelpe kvarandre til å bli betre? Desse tankane kan me ta med oss i utviklinga av brukarstøtta, og reflektera over korleis me kan yte enda bedre service!

Lærerikt og sosialt

Torsdag ettermiddag vart avslutta me eit oppkvikkande føredrag av leiarutviklar og coach Solfrid Flateby som ga oss tips til uslåeleg service og kommunikasjon. Det viktigaste tipset ein kan dra med seg er «Hvis du ikke dør av det….prøv!»

Bilde av leiarutviklar på scena
Solfrid Flateby, leiarutviklar og coach vart tydeleg på at ein lyt tora å prøve.

Dagen vart avslutta med festmiddag på kvelden med nydeleg middag og drikke. Til maten kunne me nyta live musikk og trimma magemusklane saman med Bodø sin artigaste mann, Erlend Osnes.