Hopp til hovudinnhald

På Status Digdir held du deg oppdatert på tilstanden til fellesløysingane og du kan sjølv velge kva løysingar du ynskjer å abonnere på.

Slik abonnerar du

Status Digdir gir deg informasjon om kommande og pågåande vedlikehald. Her finn du òg status på pågåande hendingar og rapportar frå tidlegare hendingar.

  • Gå til Status Digdir og trykk på "abonner" oppe i høgre hjørne
  • Velg korleis du vil motta varsel og registrer deg med jobb e-postadressa di
  • Velg kva løysing du ynskjer å abonnere på og klikk "Lagre" nederst på sida.

Når dette er gjort er du registert som varslingspunkt og vil få tilsendt varsel om hendingar og vedlikehald.

Dette er Status Digdir

Feilmeldingar frå eFormidling

For kundar som brukar eFormidling vil det bli henta varslingspunkt frå Status Digdir når meldingar feilar under sending. Difor er det svært viktig at de abonnerar på eFormidlingsmeldingar frå Status Digdir, og at de brukar jobb-epostadressa når de abonnerar, slik at vi får knytt deg til rett verksemd.