Hopp til hovudinnhald

I august vart det sendt ut nær 4,4 millionar digitale brev gjennom Digital postkasse til innbyggjarar. Det er den høgaste månadsstatistikken sidan løysinga vart etablert, og viser at stadig fleire verksemder nyttar den digitale kanalen til sikker og effektiv kommunikasjon.

Kvifor så mange brev no?

Ein stor del av volumet skuldast stortingsvalet, men tala viser òg jamn bruk frå både statlege etatar og kommunar. Digital postkasse har vorte ein naturleg del av korleis det offentlege kommuniserer med folk, både til kvardags og ved større hendingar.

Status for tenesta

  • Hittil i år er det sendt nær 23 millionar brev digitalt.
  • Meir enn 3,5 millionar innbyggjarar har valt seg digital postkasse via Digipost eller e-Boks.
  • Infrastrukturen handterer toppbelastningar utan problem, noko som gjev tryggleik for at løysinga er robust også framover.

Kvifor er dette viktig?

Digital postkasse gjer kvardagen enklare, reduserer papirbruk og sikrar trygg levering av viktige brev.

Statistikk for alle våre løysingar

På statistikksidene finn du oppdatert statistikk for alle våre fellesløysingar.