No finn du ein ny og oppdatert rettleiar for publisering til eInnsyn. Den er ei veldig viktig og nyttig rettesnor for de som brukar eInnsyn.
Føremålet med eInnsyn er å gjera offentleg forvaltning open og meir tilgjengeleg. Kundar som nyttar eInnsyn er statlege, fylkeskommunale og kommunale verksemder.
Mykje nyttig informasjon
Rettleiaren er i to delar der den første delen tek føre seg publisering av journal og dokument på eInnsyn, og del to tek føre seg retningslinjer om teieplikt og materiale som ikkje skal gå fram av offentleg journal.
Her vil de finna mykje nyttig arbeidet som vil hjelpa dykk i det viktige arbeidet med publisering på eInnsyn.