I år - som i fjor - arrangerar vi #NynorskNovember. Målet vårt er å styrke bruken av nynorsk i digitale kanalar og inspirere andre til å følje etter.
Kvifor #NynorskNovember?
Som offentleg verksemd er vi forplikta til å følgje Språklova, som fremjar språklikestilling mellom bokmål og nynorsk. Nynorsk, som det minst brukte skriftspråket, fortener ekstra fokus – derfor har Digdir som mål å ha minst 25 % av alt vårt innhald på nettsider, i sosiale media og trykt materiell på nynorsk.
Men - vi kan med stoltheit sei at her på Samarbeidsportalen er prosentandelen mykje høgare enn minstekravet. For fleire av oss i redaksjonen fell det naturleg å skrive på nynorsk, da det er hovudmålet for fleire av oss. Og det har vi tenkt å halde fram med.
Tek de utfordringa?
Vi tykkjer det er kjekt at heile Digdir har fokus på nynorsk denne månaden, og vi håpar at andre verksemder føl etter med liknande tiltak.