Sommaren nærmar seg, og vi vil nytte høvet til å ønske alle brukarar, samarbeidspartnarar og bidragsytarar ein riktig god sommar. Samtidig vil vi informere om korleis vi er bemanna gjennom ferieperioden.
Bemanning i sommar
Mange går no inn i ein velfortent ferieperiode, og aktiviteten vil vere noko lågare enn vanleg dei neste vekene.
Servicedeskane våre vil halde fram med å vere tilgjengeleg gjennom sommaren, men du kan oppleve noko lengre responstid på førespurnader enn elles i året. Vi følgjer opp innkomne saker fortløpande, og kritiske hendingar vil bli handterte som normalt.
Ved eventuelle driftsavvik vil det bli informert om dette på Status Digdir.
Kontakt oss
Har du spørsmål eller behov for hjelp, kan du kontakte oss gjennom dei vanlege kanalane. Vi svarar så raskt vi kan.
Til slutt ønsker vi alle ein riktig god sommar – og takkar for engasjementet og samarbeidet så langt i år.
Vi ser fram til ein aktiv haust saman med dykk.